| For femte år på rad inviterte norddalingane til Midtsommardagar som tradisjonen tru starta med konsert i kyrkja ferdagskvelden, heldt fram med marknad og gourmettur og avslutta med konsert, teater og låvedans på prestegarden laurdagskvelden. Herdalssetra stod i sentrum søndag.
Fole fint
Dette er ei vakker kyrkje. Det har sikkert alle som har spelt her, sagt. Det som gjer mest inntrykk er den usynlege utsmykkinga: folk som har kome med sine største gleder og svartaste sorger. Denne usynlege utsmykkinga kan vi bøye nakken for uansett kva vi trur på, sa Ole Paus før han brumma laus i første nummer.
Artisten fekk kontakt og respons frå 200 menneske i alderen 0 til 90 frå føste stund. Han var imponert over at dei aller minste ikkje keia vitet av seg, og gav dei songen om gråsporven som berre kunne «pippe». Så kom «En bøtte med lys», «Innerst i sjelen» med mange fleire.
Ole Paus fortalde at Josef er hans mann. Då han som barn budde på Hovseter i Oslo, hadde dei ei julekrybbe der ein figur eit år hadde blitt borte. «Det gjer ikkje noko. Det var berre Josef», sa faren hans. Det var ikkje berre berre for Ole Paus som karakteriserte Josef som kjernekaren i nabolaget, han elska Maria og trudde ikkje at ho hadde vore utru då ho var gravid og fødde Jesus.
Etter 12 år i eksil i Egypt kunne dei reise trygt heim til Nasaret. Då dei var innom Jerusalem på vegen, vart Jesus borte. Då han kom til rette, sa Jesus: «Forstår du ikkje at eg må vere hos far min». Det må ha vore eit slag for Josef, og det er det siste som står i Bibelen om han, sa Ole Paus og avslutta med salmen «O bli hos meg».
Etter ståande applaus tok ein rørt Ole Paus opp att gitaren og spelte fleire ekstranummer.
Dette er den beste preika eg har høyrt på lenge, sa ein publikummar på konsertkafeen med Josef i tankane.
Fole kaldt
Laurdagen kom litt kaldare i vêret enn det ein kunne ha ynskt seg, men folk stod på vasski, padla kajakk, skaut med pil og boge, bakte eigne lefser, fekk omvising i kyrkja og handla i naustbudene. Truleg hadde endå fleire teke turen innom om vêret var betre.
Varaordførar Merete Løvoll Rønneberg opna Midtsommardagane med ord om dugnadsånda som òg kan vere god å ha med seg vidare når bygdene på sørsida truleg får verdsarvstatus i sommar.
I tretida skein det so pass opp at ein kunne fjølge seg opp att. Eit ålesundsfirma kom med båt til første gourmetturen med tre matstasjonar før endestasjonen på Prestegarden. I Melchiorgarden baud dei på geitekjøt og pastasalat med bringebærsaft frå Olegarden. Oppi Dale baud dei på øl og spikjekjøt frå Gjæra og kjerull frå Petrines før mataturen avslutta med kvit og brun geitost på flatbrød og herdalskaramellar på gardsbruket Dalen i Dale.
Fole bra
Då klokka drog seg mot fem på ettermiddagen, kunne ein høyre Miles Davis-tonar frå prestegardsløa. Litt forseinka kom konserten i gang med komposisjonen «Milestones». Dei fem unge mennene trødde til med fint driv frå første tone i repertoaret som er henta frå Miles Davis frå 1950- og -60-talet. Dei heldt fram med «Freedom Jazz Dance» og «Love for Sale» før dei første bravo-ropa kunne høyrast frå publikum.
Lyden var god i det trekkfulle lokalet, og pianisten prøvde å unngå stive fingrar med varme frå lyskastarane. Dei unge musikarane leverte solide solistprestasjonar. Denne ettermiddagskonserten var berre ein smakebit før kveldskonserten, der Stian Omenås lovte eit heilt nytt repertoar. Etter ekstranummeret tok Stian Omenås opp att at dei skulle spele kl 2100.
Og ikkje eit sekund seinare, la ein fornøgd publikummar til.
Det er berre å gle seg til jazzfestivalen på hi sida av fjorden i slutten av juli.
Fole kjekt
Rett etter jazzkonserten var det duka for barneteater. Medan musikarane gjekk av scena, rigga Eva Mørkeset frå Teaterfabrikken seg til med kasser og kulissar medan borna sessa seg på golvet.
«Det var ein gong...», byrja Eva Mørkeset og trylla etter kvar fram både Rødhette, ulven og bestemor. Ulven klarte å ete opp både bestemor og Rødhette før ein jeger frå Isfjorden som lenge hadde vore på ulvejakt, fann ulven i senga til bestemor med god hjelp frå publikum. Hjelparane var så ivrige at dei til slutt hamna både på og bak scena, men det tok skodespelaren med godt humør. Og etterpå fekk alle som hadde lyst, lov til å klappe ulven.
Laurdagskvelden vart avslutta med låvedans der 250 kunne svinge seg til musikk frå Sunnmøre Baarelag.
Søndag opna Kaffistova på Herdalssentra som òg var utgangspunkt for fjellturar med eller utan fotoapparat.
|
|
|