Dronninga var vel ikkje like ny og spanande som i fjor, men det er framleis ikkje kvar dag slike mastodontar siglar inn gjennom Storfjorden. Devold-utsalet på Dyrkorn valde å gjere noko ekstra ut av hendet og lokka med dans på kaia, fotoutstilling og sveler frå det rykande ferske kjøkenet.
I det gamle barkeriet til Dyrkornanleggene kan ein no sjå vakre og fargerike fotografi frå Arktis og Antarktis. Bileta er tekne av Kjell Ove Storvik, som mellom anna har levd inntil ein pingvinkoloni i fire månader, og har fotografert på ekspedisjonane til både Børre Ousland og Erling Kagge. Naturfotografia til Storvik dokumenterer ei fjern og eventyraktig verd, men dei har også høg kunstnarisk kvalitet: Bileta er svært godt komponerte, og Storvik nyttar lyset meisterleg. Dei fleste bileta er trykte på akvarellpapir, som gir dei eit mjukt og særprega uttrykk.
Skodjebygdaren Konrad Fremmerlid spelte til dans med trekkspel og sedvanleg godt humør, og skapte god stemning både på kaia og i utstillingslokala. Fleire kasta seg ut i dansen, og ikkje minst ungane viste stor glede ved å få røre seg til trekkspeltonane.
Svelene frå det nye kjøkenet vart også vel mottekne. Visstnok lukta dei så godt at ordføraren hadde kome vêrande inn døra tidlegare på dagen, nett då første svela var klar. Ho fall visst i smak, seiest det. |
|
|