| Karianne og Arvid tok over gardsdrifta av Me-garden på Valdalen ved nyttår, og går no og ventar på at jordbæråkrane skal bugne av raude bær. Den kalde forsommaren gjer at debutantane kjem seint i gang, til liks med alle andre. Foreldra til Arvid har drive med jordbær nokre år, så no har det unge paret 14 mål med jordbær til komande sesong, etter at dei har planta nytt på om lag ni mål det siste året. Dei har mesteparten Senga, men også noko Polka-jordbær.
Optimistar
Dei seier om seg sjølve at dei er heilt ferske som jordbærbønder, men tykkjer samtidig dette er spanande.
Vi gler oss til å kome i gang. Vi har mange gode konsulentar, både i foreldra her på garden og kjekke naboar på gardane rundt her. Dessutan har vi forsøksringen og eit godt fagleg miljø blant andre jordbærbønder, fortel dei.
Dei er optimistar, og gler seg samtidig over at det den seinare tida er fleire unge par i Valldal som har teke over jordbærdyrkinga og gardsdrift. Dei ser eit generasjonsskifte i landbruket.
Vi skal bruke første sommaren til å hauste erfaringar. Planen er å auke på, og vi tenkjer å dyrke opp rundt 30 mål med jordbær. Vi vil gjere om ein del mål frå grasproduksjon til jordbæråkrar, og ha ein del mål kvart år som vi kan drive vekselskifte på, seier dei.
Vi får prøve oss fram. Eg har gått sprøytekurs nyleg. Det er ikkje vanskeleg å sprøyte, men ein lyt lære når ein skal sprøyte og på kva måte. Det er godt med gode råd, men vi er nøydde å gjere erfaringar sjølve, seier Arvid.
Vil auke på
Det er ikkje dyr på garden lenger. No satsar dei kun på jordbær, saman med poteter og gras. Garden er på 50 mål med dyrka mark, i tillegg til noko leigd mark. Begge to har vakse opp på gard, og det har lenge ligge i korta at dei skulle ta over garden på Valdalen. Dei flytta til garden til jul i 2002, og har sidan då pussa opp på det gamle gardshuset. Det står no ferdig totalrenovert, etter mykje arbeid. Dei selde huset sitt i Omenåsåsen og satsar no på gardslivet.
Det er stor forskjell på å bu i eit byggefelt og her. I Omenåsåsen var det fint for borna, med mange leikekameratar som sprang mellom husa. Her bur vi nærare den travle riksvegen og det er lengre mellom leikekameratar. Men samtidig har vi meir plass å tumle på. Vi er nøgde med å flytte til eigen gard, og det er slik vi vil leve, seier Karianne og Arvid.
Vel travelt liv
Paret har hatt ein travel vår med å førebu sesongen og er innstilte på ein hektisk sommar. Dei ventar 14 jordbærplukkarar frå Polen. Å vere sjef for desse vert også ei ny utfordring. Det vert spanande å sjå korleis dei vil fungere saman. Den siste månaden har dei gjort om delar av fjøset til bustader for ni av plukkarne.
Begge er i jobb ved sida av gardsdrifta, sjølv om det er pause frå desse midt i jordbærstria. Arvid jobbar i Storfjord Snikkarservice og Karianne er hjelpepleiar på Muritunet.
Vi vel sjølve ein travel sommar, og vi lyt bli vande med å leggje sommarferiane til vinteren. Men vi synes dette livet er sjarmerande. Gardssommarane i Valldal, med liv og røre, utanlandske plukkarar og besøk av slekt og venner. Det er gøy på landet, meiner dei. Åkrane deira står fint, med mykje blomster og grøne bær. Det ligg difor an til ein god første jordbærsesong på garden på Valdalen.
|
|
|