Solrik Stordalscup

Gi statsmeteorolog-stolane til Stordal IL! Nok ein gong valde dei den heilt rette, solfylte helga for ein sedvanleg vellukka Stordalscup.

06. juli 05
Kenneth Strømsøy
Når koppane går rundt, går det meste rundt.
Stordalscup jubilerte med 25 år i helga, og dei jubilerte med stil. Kan hende var ikkje tilstellinga betre i år enn i fjor eller forfjor, men det var neppe dårlegare heller. Stordalscup har funne ei suksessoppskrift som dei gjennomfører lytefritt år etter år, og alltid med sola på laget. Den vellukka Stordalscup-retten inkluderte også i år loppemarknad og møbelauksjon, lokal musikk og underhaldning, heftige kaker og Thomas Tivoli, og ikkje minst laurdagsdans.
Bladfyken vart særskilt fascinert av oppvisinga til Ålesund Taekwon-do-klubb, og ikkje minst imponert av ørskogrockarane i ”Stand by”. Ungane storkoste seg sjølvsagt på tivoli: Fly og tog og sklibane og altfor mykje søtsaker; dagane vert vel ikkje stort betre? Frå loppemarknaden var det ymse rart og brukande som vart med heim; yoghurtblandaren til 30 kroner gjer vel ikkje anna enn å blande saman dei ingrediensane eg puttar oppi, men, men... Er lukka stor, vert det endeleg takk og farvel til søt og tynn Tine-yoghurtsuppe! Då sender eg ein stor og æveleg takk til loppemarknaden på Stordalscup!
I jubileumstilstellinga vart det rekord i talet på selde dansebillettar og deltakar-rekord i fotballcupen. 68 fotballag med kring 700 spelarar var med – og dermed forsvann alle jubileums-t-skjortene som var trykte opp, fortel ei svært nøgd Vigdis Hove Øie, som er leiar for Stordalscup. Til den tradisjonsrike utedansen var det ikkje mindre enn 725 danseglade som løyste billett, og til saman var det kring 3500 som løyste billett til cupområdet. Det siste er på line med dei aller beste åra, seier Øie, som gir all ære til alle dei som har lagt ned dugnadstimar for å gjennomføre tilstellinga.
Innimellom sport og kultur og moro, vart det også høve til prisutdeling. Ordførar Charles Tøsse delte ut kulturprisen 2005 til dei to svært lovande hopparane Tommy Lianes og Sindre Holtleite. Dei to var nyss på samling i Trondheim, der dei fekk instruksjon av kombinertlandslaget. Det var inspirerande og lærerikt, synest dei, og båe meinte dei hadde vorte betre hopparar på samlinga. Tommy fortel at målet for sesongen er å verte mellom dei tre beste i hovudlandsrennet og passere 80 meter – den personlege rekorden hans er 77 meter. Sindre har ikkje noko anna mål for sesongen enn å hoppe betre og lenger; han er vorten for gammal for hovudlandsrenn og er enno for ung til å hevde seg som junior.
Hovudsponsor Sparebanken Møre fekk også dele ut: Dei gav rundhanda kulturprismidlar til fem ulike lag og organisasjonar i Stordal.