Ein naturleg opplevingspark

Ein avslappande sommardag på Herdalssetra er akkurat det ein treng somme tider. I idylliske omgivnader, blant dyr og seterstell. Og med budeier og lokale mattradisjonar. I naturen sitt eige opplevingssenter, som vertskapet kallar det.

13. juli 05
Thomas Rem Berdal
VERTINNER: Åshild Dale (t.v.) er også i år vertinne på Herdalssetra. Budeie og assistent Katrine Berg-Hansen har sin første sommar på stølen, og meiner ho har fått verdas beste sommarjobb.
På grusvegen opp til Herdalen, langs viltre fossar og idylliske vatn, møter vi dagens siste buss på veg nedatt. Tredje og siste bussgruppe for dagen har fått det dei ville. Og det har allereie vore mange av dei i sommar.
– Vi har aldri før hatt så mange gjester så tidleg i sesong-
en. Sidan Trollstigen opna så seint og det var få overlandsturar frå Geiranger, kom mange bussgrupper frå cruiseskipa opp hit. Den første kom alt 3. mai, og sidan då har det gått i eitt, fortel Åshild Dale. Men sjølv om det er travle dagar på setra, klagar ho ikkje. Ho er glad for at så mange gjester vil lære meir om norsk seterdrift og tradisjonelt landbruk.
– Mange av dei som kjem opp hit er bønder sjølve, som er interesserte i kultur, natur og landbruk. Det er spanande å fortelje utanlandske bønder frå Australia og New Zealand om norsk setring, seier ho.

Unik setring
Og i Herdalen får dei besøkande på stølen oppleve seterdrift på same måten som det har foregått kontinuerleg i over 300 år.
– Det er dette som er unikt, og det er dette dei kjem for. Det er naturen som dreg. Dette er ei levande seter, og ikkje noko kunstig leikeland. Og her finn alle generasjonar seg til rette, seier ho. Saman med mannen sin, Jostein Sande, er ho også i år vertinne på Herdalssetra. I år har dei nordlandsjenta Katrine Berg-Hansen frå Bindal til å assistere seg.
– Dette er den perfekte sommarjobben. Eg får vere ute, vere i fysisk arbeid, treffe mykje folk og bruke det eg har lært på landbruksskulen, seier Katrine.

Kafedamer
Frå eine bekken som sildrar gjennom stølen er det hauking frå ein gjeng med ungar. Det er strålande sol, og det gjer godt å avkjøle med litt fjellvatn mellom tærne. Norddalsungane seier dei har det topp i Herdalen. Dei spring ut og inn av sela, og dei spring etter geitekjea.
Oppe på Kaffistova treff vi to blide damer. Laila Olsen og Nina Rønneberg Grønningsæter er vertinner i år, for første gong.
– Vi har geit her oppe også, så eg kunne likegodt vere oppe her i heile sommar, seier Laila med to månader gamle Johanna Marie på arma. I Kaffistova serverer dei tradisjonell seterkost som rjomegraut og brennsnut med hjortekjøt. På søndagar vil tilbodet vere litt ekstra fint. Dei har også kaffi, sveler og kaker, og lokale suvernirar. Litt daglegvarer for hyttefolket har dei også. For i kaffistova kan ein også leige sel og kjøpe fiskekort.
– Vi tar i mot grupper på opp til 40 personar. Men mange finn vegen fram hit på eiga hand også. Mykje bygdefolk også. Det er triveleg, seier dei to.

Budeier frå byen
Trondheimsjentene Rebekka Skauge og Ingrid Brækken Melve er to av budeiene i år.
– Mor mi var budeie her for mange år sidan. Eg kom til Herdalen første gong då eg var seks år, og har fått det litt inn med morsmjølka. Eg berre må på Herdalen, seier Rebekka. I fjor arbeidde ho på garden og i Kaffistova, medan ho i sommar er ekte budeie.
– Livet her og naturen er heilt spesiell. Eg studerer til vanleg i Bergen og det er deilig å kome hit og gjere noko heilt anna om sommaren. Eg blir her heilt til studiane startar opp att, seier ho, og innrømmer at det ikkje er pengane som drar henne til støls.
– Det er viktigare å ha det bra enn å tene så mykje pengar. Og det er slett ikkje einsamt her, for det kjem så mykje folk fram hit som vil snakke. Dessutan får vi jo besøkt litt bygdene rundt om her, seier Rebekka. Og Ingrid er samd. Det er tredje sommaren hennar i Herdalen, men dei to tidlegare åra har ho berre vore i korte periodar. No blir ho heile sommaren.
– Eg er byjente. Men eg er veldig glad i fjellet og det er så avkoplande å kome opp hit, seier ho.

Folk og fe på stølen
Det er folksamt på stølen. Folk i alle aldrar går mellom sela på stølen. Nokre får kike på ysting og smake på lokale produkt inne i eit sel. Det er Jostein Sande som fortel om korleis tradisjonane vert haldne i hevd, og gjestene nikkar og følgjer interessert med. Utanfor har ei stor gruppe med utvekslingsstudentar frå heile verda funne fram grillen, og nett starta ein sosial kveld. Dei er på avslutningssamling. Dei skal om få dagar reise heim att til sine familiar og heimland. Ei meir vakker avslutning i norsk natur kunne dei neppe ha fått. Og minna om eit skuleår i Norge blir truleg ikkje mindre sterke.
Og mellom alle hus og alle gjester kjem sauer, kyr og geiter og helsar på. I Herdalen kjem ein nær naturen. Og nær dei norske tradisjonane.