Mange tilbod

Det har gått bra med dei nye ete- og turiststadene som dukka opp i Stordal i fjor: Kokarsteinkiosken, Devold på Dyrkorn og Nilsgardstunet. Også Stordal Camping, som fekk nye eigarar i fjor, klarer seg godt.

13. juli 05
Kenneth Strømsøy
Jan Simons driv kiosken og restauranten ved Kokarsteinen.
Kokarsteinen
Tilbodet på Kokarsteinen er utvida med restaurant, fortel Peder Vikenes, som eig staden saman med kona. For å skilje seg frå andre etetilbod i området vil menyen ha eit visst kontinentalt preg, med rettar frå ulike delar av verda. Mellom anna vert det lokka med rista blåskjel frå oppdretts-
anlegget på Dyrkorn. Sist veke fekk restauranten også alminneleg skjenkeløyve for øl, sterkøl og vin. Løyvet gjeld ute og inne.
Nederlendaren Jan Simons, som er utdanna kokk, er tilsett for å drive både restauranten og kiosken. Simons kom til Stordal rett før han tok til i drivarstillinga 1. juni, samstundes som kiosken tok til å vere open kvar dag. Kona Lindy kjem etter no i juli, saman med dei to borna deira, Jean Paul (6 år) og Laura (4).
Når turistsesongen er over, vil kiosken og restauranten berre vere alminneleg open om helgane, og elles vere open for førehandstingingar. Men Jan tenkjer på fleire tiltak for å få meir å gjere i vinterhalvåret. Mellom anna er det aktuelt med ulike mat-temakveldar.

Stordal Camping
Yvonne og Herman van Dÿken tok over Stordal Camping i fjor, og Yvonne seier det går bra. Dei har merka stor etterspurnad etter hytter, og to heilt nye hytter er no sett opp. Det er også godt med andre campinggjestar, og ikkje minst har det vore ein god del tyskarar. Seinare på sommaren reknar dei med mange nederlendarar; dei har fått mykje respons på den nederlandske heimesida dei har på internett. Også kiosken vert nytta: Etter som dei har fått lært seg ein del norsk og stordalingane har lært dei å kjenne, er det stadig fleire som tek seg ein tur i kiosken på kveldstid, fortel Yvonne.
Campingplassen har fått nytt dissestativ for ungane, og i fjor vart det sett opp trampoline. Den har vorten svært populær. Yvonne og Herman har også planta ein del tre for å gjere fabrikkbygga mindre synlege.
Yvonne fortel at familien likar seg svært godt i Stordal, og ikkje minst synest dei det er svært flott for ungane. I Nederland tek ungane til på skulen når dei er fire år, og er på skulen kvar einaste kvardag frå klokka halv ni om morgonen til 15 om ettermiddagen.
– Tim var forferdeleg trøytt når han kom frå skulen i Nederland. Her har han det mykje betre. Han var litt uroleg første tida etter vi flytta, og vart forvirra når ingen forstod kva han sa. Men no går det bra, og han trivst svært godt, seier Yvonne.
Yvonne og Herman har også jenta Laura, som liker seg godt i barnehagen, og guten Mark som vart fødd i Stordal for åtte månader sidan.
– Vi saknar ikkje Holland, vi vil ikkje attende, seier Yvonne van Dÿken.

Dans og fotografi på Dyrkorn
Devold-utsalet på Dyrkorn har fått kjøkenet på plass, og i helgane kan ein få kjøpe seg ferske sveler. Kafékroken er open elles i veka også, men då må ein nøye seg med bulkprodusert kake, is og kaffi.
Det er også anna å få med seg på Devold-utsalet – attåt genserane, sjølvsagt: Dans på kaia har det vore to gonger i sommar, og i barkeriet er det stilt ut flotte fotografi frå polområdane. Bileta er tekne av Kjell Ove Storvik. Ved elveosen er det sett opp ein prototype av Isolaft-hytta, ein hytte av hole, isolerte og likeforma laftetømmer.

Nilsgardstunet
Nilsgardstunet fekk nytt skilt i vår, noko som kan hende får endå litt fleire til å oppdage den tradisjonsprega gardskafeen. Her er også restaurant, som er open for slutta lag, og fredag og laurdag er det pub, der ein mellom anna kan velje mellom fleire øltyper som ein elles må til byen for å finne. Gardsmatutsal er det også på Nilsgardstunet, der særskilt røykje- og gravlaksen og mørpølsa har vorte særs populær.