| Feiringa starta i Geiranger og fortsette i Eidsdal. Presis kl. 13.00 opna varaordførar Merete Løvoll Rønneberg det som skulle bli ei solfylt og triveleg stund på kaia i Eidsdal. Boder med smakebitar stod klare og plutseleg kom folket også. Det vrimla av folk som ville smake på kosten og sjå på det som hende. Her kunne ein finne sveler, geitost, eplesaft, kjekjøt, handarbeid og ein del anna. Raude bær som vekst på bakken hadde dei fått rodd over frå nord i landet. Eit brudefølgje svingte seg gjennom folkehopen med felespelarane Tea Marie Ytterdal og Harald Storås i spissen. Dei blei rodd i flott færing inn til kyrkja i Norddal, der dei ikkje blei gift. Med det flotte veret som ramme, blei kaia i Eidsdal til ein festplass før bilane i ferjekø tok over litt seinare på ettermiddagen.
Til seters
Seinare på kvelden flytta arrangementet seg opp på Herdalssetra. Veret var framleis flott og folket stimla til her også. Og snart var setervollen full av folk. Nokon tala, andre bles på lur. Ferdafolk med dei kjende musikarane Ingunn Linge Valdal og Knut Ivar Bøe starta sin konsert. Og når dei var varme i trøya og klare til å fortsette, ja, då kom regnet. Då måtte folket trykke seg inntil selveggane eller trekke innandørs. Mange av dei som har sel på Herdalssetra var til stades og godt var det i slikt eit ver. Kaffistova blei fort fullt opp og etter kvart tok to polske felespelarar over til stor beigeistring. Etter planen skulle Valldal Spelemannslag spele opp til dans, men det tok ikkje heilt av på grunn av det litt sure veret. Turen til fots til Vesterås og Geiranger starta opp med nesten 20 deltakarar, dei gjekk eit stykke før veret sende dei tilbake.
Kva er Verdsarvlista
World Heritage List, eller Verdsarvlista, vart etablert i 1972 av UNESCO (FN sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur). Lista har som mål å verne om verdas kultur- og naturarv. Av alle internasjonale miljøkonvensjonar er Verdsarvkonvensjonen den som har størst utbreiing i verda. Verdsarvlista er ei oversikt over verdsarvobjekt i medlemslanda. Lista vert supplert kvart år etter som nye område vert nominert.
Noreg fekk sine første to nominasjonar ført opp allereie i 1979: Bryggen i Bergen og Urnes stavkyrkje. Andre norske objekt på Verdsarvlista er: Bergstaden Røros, Helleristningsfeltet i Alta og Vegaøyene. Alle desse er kulturobjekt. (Informasjon henta frå brosjyra: Kva er verdsarv).
|
|
|