Cello-roser

Då dei vare cellostrengene til Eero Voitk tona ut i Rosekyrkja på søndag, var det også slutt på kulturbeitet i Kyrkjehola for denne sommaren. Det er berre å gle seg til neste år!

17. august 05
Kenneth Kamp
Eero Voitk (til høgre) og Bård Dahle gav tilhøyrarane ei vakker konsertoppleving i Rosekyrkja.
Rosekyrkje-konserten med Eero Voitk på cello og Bård Dahle på piano vart kalla «Songar utan ord» og inneheldt ein rekkje cello-klassikarar. Men om musikarane heldt seg vel innafor eit godt-og-gammalt-repertoar, var det like fullt stor spennvidd i programmet.
Eero Voitk opna konserten med ein kraftfull framføring av Bachs krevjande og særeigne Suite i G-dur. Resten av konserten var eit svært vellukka samspel med Bård Dahle, og vi fekk høyre dei vakraste stykke av Fauré (Sicilienne, Berceuse og Élégie), Vivaldi (Sonata nr. 5 i e-moll), Saint-Saëns (Svanen), Rakmaninov (Vokalise) og Casals (Song of the Birds.)
Om publikummet kunne vore større, kunne dei knappast vore meir entusiastiske. Musikarane fekk mykje og stor applaus gjennom heile konserten, og svarte med eit ekstranummer av Fauré. Kyrkjehola-publikummet har elles utmerkt seg på alle framsyningane der eg har vore til stades; dei held seg i ro når det vert spela og applauderer med entusiasme når det er fortent. Her har kulturbortskjemde byfolk mykje å lære.
Dermed var det slutt på nok eit vellukka kulturbeite. Underteikna har fått med seg tre svært fine opplevingar, brasiliansk-romantisk «Nova Bossa Nova» med Tristan & Fellina i Løsetstova, Svein Tindbergs strålande bibelframsyning «Som skrevet står» og no «Songar utan ord». Elles har Ole Bremnes med band vitja Kyrkjehola «Frå Golfstraumen», tenoren Harald Bjørkøy har sunge «I skuggen av Grieg» (med gjestesopran Marianne Ravn Stavseng), Ingebjørg Røyrhaug Øyehaug har kåserte om Synnøve Riste: «Fjøyra som dreiv», og Eldar Parr og Kjell Stig Amdam har stilt ut bilete i Preste- og Løsetstova.