Optimisme i møbelindustrien

Det er atter haust og optimisme i møbelindustrien i Stordal.

24. august 05
Kenneth Kamp
Magnus Hoff (til høgre) og Jan Inge Verpesdal er vel på plass i dei nye lokala til Sitwell (Liabygda Møbelindustri) i Pedro-bygget i Stordal.
Liabygda Møbelindustri har fullført flyttinga til Stordal, og har også fått nytt namn: Den siste møbelfabrikken som forlèt Liabygda, kallar seg no for Sitwell AS. Det er framleis dei eldre og aldrande – seniorane som er satsingsområdet, og etter det dagleg leiar Geir Hoff seier, er dette ein marknad i vekst.
– Det vert stadig fleire eldre, og dei får stadig meir pengar, som dei mellom anna bruker på å kjøpe møblar, forklarer Geir Hoff. Dei eldre er også i ferd med å verte meir medvitne om kvalitet og formgjeving, noko Sitwell har tilpassa seg ved å modernisere kolleksjonen.
Flyttinga frå Liabygda har ikkje gått utan vanskar: - Alle som har flytta veit kor mykje arbeid det er; å flytte ein heil fabrikk er mykje vanskelegare, seier Geir Hoff. Så nokre startvanskar har det vore, men no er det meste i gjenge. Folk trivst i dei moderne lokala i Pedro-bygget, omsetnaden har auka sidan i fjor, og ordrane renn inn:
- Vi skal tilsetje eit par nye produksjonsarbeidarar om kort tid, seier ein nøgd dagleg leiar i Sitwell AS.

Bra ordrereserve
-Vi har starta med ein bra ordrereserve etter ferien, seier dagleg leiar Harry Tøsse i Contract Møbler. Første halvår gjekk det svært bra i offshore- (båt)marknaden, medan det gjekk meir trått i helsemarknaden. Men dette betra seg i vekene før ferien, og den nærmaste tida vert det avgjort ein god del større prospekt nettopp i denne marknaden, opplyser Tøsse.
Contract er elles nokså hardt råka av avgjerda til Hjellegjerde om å kutte småkundane til laminaten på Hove; Contract fekk det aller meste av trevarene herifrå. - Vi veit ikkje heilt enno korleis vi skal ordne oss framover, men vi skal nok finne ei løysing, seier Harry Tøsse.

Positive møbelmesser
Stordal Møbler er ferdig med vellukka møbelmesser i Ålesund og Paris, og dagleg leiar Ole Håvard Stavseng er svært optimistisk:
- Generelt er utviklinga svært positiv, seier Stavseng. Salet aukar både i Norge og utlandet, og i desse dagar vert det lansert ein ny hovudkatalog. Den nye kolleksjonen rettar seg enda litt høgare opp i marknadssegmentet, fortel han, og har enda sterkare satsing på høg kvalitet og god formgjeving.

Normalår
På Helland Møbler er det også full aktivitet no på ettersommaren. Dagleg leiar Bjørn Toft seier det ser ut til å verte eit normalår: Aktiviteten er oftast svært høg frå november til februar, før han går ned til påske. Veka før sommarferien er hektiske, og det same gjeld vekene etter. Deretter fell etterspurnaden noko, og arbeidarane tek den siste ferieveka før aktiviteten atter toppar seg på vinteren. - Slik har det vore til no i år, og slik ser det ut til å halde fram, seier Bjørn Toft.
Helland Møbler er elles med på eit eksportprosjekt i regi av Innovasjon Norge, og satsar mykje på å ta marknadsdelar i Sverige og delvis Danmark.

Opp og ned
Eldar Eilertsen, konsernsjef i Hjellegjerde, opplyser at det no ser bra ut for Hove i Stordal. Hove er no ei rein laminatavdeling, og før ferien vart avdelinga lagt om til i all hovudsak berre å produsere for sjølve Hjellegjerde-konsernet. Kapasiteten på maskinvareavdelinga vart også redusert, og totalt vart arbeidsstokken på desse avdelingane redusert frå 40 til 27-28. No meiner Eilertsen kapasiteten er slik han skal vere, og ser ikkje for seg fleire endringar i arbeidsstokken.
På Modi har det vore ein del opp og ned, fortel Eilertsen, men legg til at dei har fått til ein del ordrar i det siste. Eilertsen forklarar vanskane for Modi med den økonomiske stagnasjonen i dei viktige eksportlanda Tyskland og Frankrike. Modi-produkta ligg heilt det øvste prissjiktet, og når økonomien stagnerer, vert dette segmentet ofte hardt råka. Eilertsen har likevel tru på Modi, og vil satse hardare på marknadsføringa framover.