| Trass i knapp tid til kunngjering, var det mange som hadde møtt fram for å få med seg informasjonen om dei farlege fjella.
Pilotprosjekt
Frank Sve orienterte om orgaiseringa av prosjektet der han sjølv er leiar i styringsgruppa. Dette er eit pilotprosjekt i Norge, eit samarbeid mellom kommunane Stranda og Norddal i tillegg til Fylkesmannen og Møre og Romsdal fylke. I tillegg er det to arbeidsgrupper, der den eine jobbar med kartlegging og overvaking og den andre med beredskap. Med i dei ulike gruppene er folk frå Norddal og Stranda i tillegg til fagfolk frå NGU (Norges geologiske undersøkelser). Dei har fått 21,5 millionar kroner frå staten i år og ventar om lag det same neste år. Kjell Jogerud er tilsett som prosjektleiar.
Overvaking
Jogerud gjorde greie for arbeidet. Han sa at undersøking av dei ustabile områda vil ha hovudfokus i år. Dei har også teke til på arbeidet med overvakingstiltak, men her vil det meste skje neste år. Beredskapsarbeidet vil i hovudsak gå føre seg neste år og året etter.
I sommar har dei jobba mykje med praktisk tilrettelegging, som bygging av plattform til helikopter, etablere standplassar for boring, vassforsyning til boring, energiforsyning og tilrettelgging for plassering av radar i Fjørå og Oaldsbygda. det er plassert ein radar i Oaldsbygda, som registrerer endringar i Åknesremna. Ein borerigg har teke ut kjerneprøver i 150 meter djupe borehol. Føremålet er at den geologiske kompetansen skal analysere desse. Etter kvart skal det borast større hol, der ein mellom anna skal setje ned instrument med avansert teknologi.
Studietur
I månadsskiftet juni/juli var fleire av dei involverte med på ein studietur til Sveits og Italia, der dei også slit med skred og skredfare.
Lars Harald Blikra fortalde litt om røynslene dei hausta på denne turen. Eitt av dei viktigaste poenga er at det skjer mykje i førekant av eit stort skred, det blir gjerne mange små skred og stor rørsle i fjellet først. Det finst fleire metodar for overvaking, og det bør aldri brukast berre eitt system.
I Heggurdaksla skal dei setje opp eit aksellometer i starten av oktober og plassere ut reflektorar for å gjere ein ny test. Her kjem det endeleg versjon av radar i desember. I Åknesremna har dei jobba heile sommaren og allereie sett opp ein del utstyr. Den samla overvakingspakken skal vurderast etter at dei har bearbeidd data frå i år.
Blikra sa at Åknesremna er den mest kompliserte, her er det klare bevis på rørsle heilt ned til 150 meter over havet.
Flodbølgje
Dei vil også utarbeide ein flodbølgjeanalysa, som fortel korleis eit skred vil utvikle seg ned mot fjorden og anslå bølgjehøgder for ulike stader. Dette er mellom anna avhengig av korleis fjordbotnen ser ut. Hellesylt og Geiranger er mest utsett dersom det rasar frå Åknesremna.
Målsetjinga er å ha ei eiga heimeside der dei legg ut informasjon undervegs. Dette er interessant for folk flest, men også for forskingsmiljøa.
Beredskap
Det er for tidleg å slå fast kva slag varslingssystem som skal brukast.
Beredskapssjef Ketil Matvik Foldal var også til stades på møtet. Han sa at vi alltid har visst at det går hamrar i fjorden, no kan ein få ein viss kontroll. I løpet av det siste året har det vore jobba på spreng og det har vore jobba godt. Det som kan gjerast, har vorte gjort og blir gjort. Målet er å varsle at skredet kan gå og få folk unna. Erfaringar frå Alpane viser nettopp at dei har berga folk unna før skredet går.
Vi er ikkje åleine i verda om å kjempe mot skred. Dei som jobbar med dette prosjektet fortener ros, og det har vore openheit frå første dag, sa han.
|
|
|