40 år med åndeleg arbeid

Sist søndag var det jubileum i Stordal bedehus. 40 år med aktivitet i eit hus som har vore flittig i bruk.

07. september 05
Alfred Nilsen
Songkoret Tonika fylte salen med song.
Mange hadde tatt turen til bedehuset denne søndagen til eit rikhalding jubileumsprogram. Roger Lillebø batt det heile i hop, som opna med song av Tonika og bileteframsyning. Marna Overøye las diktet «Haust» før vi kunne setje oss godt til rette og nyte musikken som Kristoffer Olai Stavseng på cello og Inna Krinicka på piano, framførte. Frå talarstolen oppmoda Roger Lillebø til å gi ei jubileumsgåve, folket song og bøssa gjekk rundt.
På denne måten greier det vesle samfunnet som bedehuset er, å drive arbeidet sitt. Det er mykje som skjer på huset gjennom veka, og det er mykje som har skjedd oppgjennom åra. Åndeleg arbeid og kulturelle opplevingar har gått hand i hand desse 40 åra. Kjende namn som Arve Tellefsen og Robert Levin har vitja huset. I dag er det mange som brukar huset til sine aktivitetar, barnekoret og Tonika øver her, det er misjonsforeining, fredagsklubb, bønnemøte, gudstenester og konfirmantane har undervisning her. Og endå er det mykje meir.

Talar
Kjell Furnes hadde kome for å tale til forsamlinga. Han takka for alle gode minne og hugsa Sunnmøre indremisjon sitt årsmøte for 39 år sidan, det var eit stort løft for den tida. Det blei bedt for stunda og takka for alt ein hadde fått. Han ba Gud velsigne det arbeidet som skjer på huset.
– Hald fokus på Jesus og ver klar over den åndskampen som skjer rundt i samfunnet vårt. Den som ikkje ser denne, er åndeleg blind, sa han.
Etter talen fylde Tonika salen med song. Og så dukka Roger Lillebø oppatt og sa at: – Møte er å få høyre Guds ord. Fest er Guds ord og kaffi.
Så var det tid for mat. Og som dei fleste veit, er det mange, og alltid, nokon som styrer med dette.

Helsingar
Olaus Overøye hadde sett i bøkene og andre historiske referansar og fortalde på ein humoristisk måte om huset si historie. Ein stor dugnadsinnsats har sjølvsagt vore nødvendig for å få dette huset på plass.
Varaordførar Jonas Falch overrekte ein sjekk på 5000 kroner frå Stordal kommune og takka for den aktiviteten og innsatsen som huset med sine aktivitetar stod for i lokalmiljøet. Prost Øystein Kjølberg sa det var mykje å vere takksame for og at det som har skjedd på bedehuset, har betydd mykje. Personleg ville han trekkje fram Tonika og barnekoret som har vore eit friskt pust. Alpha-kursa hadde også vore viktige innslag i det åndelege arbeidet som bedehuset har stått for. Kretssekretæren i Misjonssambandet, Knut Strand, sa det var eit godt hus å kome til og ba folk ha blikket på frelsaren når mismotet vil ta overhand. Og så var det igjen song frå songboka