Arbeidet med Trollstigplatået er sett i gang

Trygt og vakkert er ambisjonen med oppgraderinga av Trollstigplatået i samband med at strekninga mellom Geiranger og Trollstigen skal verte Nasjonal turistveg. Arbeidet vart sett i gang 18. august, og onsdag i førre veke vart planane presenterte.

07. september 05
Randi Flø
Salsbudene skal vekk frå Stigrøra og samlast på eine sida av elva.
Det var prosessleiar i turistvegprosjektet til Statens vegvesen, Arne O. Moen, som presentert planane. Han sa at dette er oppstarten på eit tre års anleggsarbeid på Stigrøra.
Det er i alt 18 vegstrekningar i landet som er plukka ut til Nasjonal turistveg. Det er naturkvalitetane som gjer at dei er utplukka, ikkje kulturlandskapet.

Setje spor
Det er Mesta som er entreprenør for arbeidet på Trollstigplatået. Moen sa at dei set krav til høg standard. Det skal setje spor i vår tid og vise at notida kan tilføre noko stort. Det skal ha eit moderne formspråk. Lokale aktørar vil gjerne repetere gamle byggetradisjonar, men desse prosjekta skal representere notida.

Flaumvoll
Arbeidet som er starta opp no, er å byggje opp ein flaumvoll langs elva, som vil liggje ein meter over vegbana. Utforminga vert noko spesiell. Anleggsleiar i Mesta, Tor Inge Unhjem, sa at det skal vere beint, som ein kniv, det skal vise at det er menneske som har gjort det. Plastringa set høge krav til maskinføraren.
Dei skal ikkje røre elvebotnen, og det skal leggjast grus inntil vollen i elva igjen, slik at det klare fjellvatnet kjem til sin rett.

Ny bru
Neste år er planen å setje opp ei ny bru over elva, ny sti langs austsida av elva og nytt utsiktspunkt over fossen i nord. Det skal verte spesielt tilrettelagt for funksjonshemma.
Den gamle brua skal bort. Det skal også salsbudene, dei skal i staden samlast ved den nye brua over elva.
Planen er å få samle all parkering mellom elva og riksvegen. Dermed må også bautaen flyttast, den som vart sett opp i 2000 for å heidre dei som bygde Trollstigvegen. Kvar denne skal setjast opp er ikkje avgjort enno.
Når prosjektet er ferdig til opning i 2008 vil all fotgjengaraktivitet gå via den nye brua og den nye stien til utsiktsplatået. Det blir to felts veg frå Stigrøra og forbi den nye parkeringsplassen.

Vinnarutkast
Opprustingsarbeidet er basert på prosjektet «Rød Tråd» frå prosjekteringsgruppa Reiulf Ramstad Arkitekter AS i Oslo, som vann arkitektkonkurransen i fjor. Å følgje dette til punkt og prikke ville koste mellom 50 og 55 millionar kroner. Turistvegprosjektet har ein pott på fem millionar kroner til å bruke her.
I utkastet ligg mellom anna å flytte restauranten over på andre sida av vegen. Eit slikt nybygg er kostnadsrekna til 30 millionar kroner.
– Vi har ikkje pengar til å investere i det, det må skje med privat kapital og ligg ikkje i den delen av prosjektet som vi jobbar med, sa Moen.