| 25-åringen frå Linge er akkurat heime ein liten snartur frå Edisnburgh der ho har budd dei siste tre åra.
CD-innspeling
Etter å ha vore med og spelt inn to CD-ar var ho klar for ein tur heim att.
Heilt tilfeldig, som ho seier, traff ho Jim Sutherland. Ho skulle ta nokre speletimar hos han, lære meir om å spele på bodhran, ei irsk rammetromme med geiteskinn. Det fekk ho. Samstundes ville han høyre henne synge, noko han fekk. Då fekk han det føre seg at ho hadde akkurat den stemma han hadde vore ute etter til å synge nokre songar han hadde laga.
Ikkje fordi eg syng så fint, men det var akkurat den lyden på stemma han var ute etter, seier ho og legg til at det var litt den folklorestilen hennar han var ute etter.
Songane på CD-en kallar ho popmusikk, noko som inneber ei god blanding. Dette prosjektet har pågått i to og eit halvt år. Før ho reiste frå Skottland, song ho inn den siste songen. No er CD-en ferdig, og dei prøver å få eit plateselskap til å gi han ut. Men det er hard konkurranse. Alle radiostasjonane er meir opptekne av dei mest populære.
Vi kan ikkje berre ringje til ein plateprodusent og spørje om han kan gi oss ein platekontrakt, men det hjelper oss at plateprodusenten er interessert og har nettverk, seier Anne Sofie.
Mest spennande
Sjølv om det snart blir CD-utjeving, så snakkar Anne Sofie om ei folkemusikkgruppe ho starta for eitt og eit halvt år sidan som det mest spennande ho driv med i Skottland. Gruppa heiter Fribo og er basert på norsk vokal folkemusikk. Her kan dei til dømes finne på å slå saman ein norsk folkemelodi med ein skotsk reel, eller ein norsk slått blanda med ein skotsk slått.
Det er dette som er babyen min, det er der lidenskapen min ligg, seier ho.
Gruppa Fribo fekk stipend frå det skotske kulturrådet til å spele inn ei plate. Det har dei gjort og ho er no inne i ein redigeringsprosess.
Anne Sofie er spent på korleis det går med begge CD-ane. Resulatet har litt å seie for kva ho kjem til å gjere i tida framover. Eigentleg har ho att eit halvt år med utdanning og syslar med tanken om Ole Bull-akademiet eller Raulandskademiet, men har ikkje bestemt seg for noko konkret. Dessutan kunne ho godt ha tenkt seg å flytte til Sverige, der det er eit svært godt folkemusikkmiljø.
Til Skottland
Men i Skottland bur ho saman med kjærasten Ewan MacPherson, som også driv med musikk. Han har nettopp vorte medlem av eit kjent skotsk band og har aldri vore så nær å bli musikar på heiltid. Hans område er ulike strengeinstrument.
Han er ein kløppar på munnharpe, ler Anne Sofie.
Ho fortel at det berre var reint tilfeldig at ho hamna i Skottland. Eigentleg var det Irland ho var interessert i. Då ho budde i Oslo, vart ho kjend med irsk folkemusikk, ikkje minst på Dubliners. Ho vart med søstra, Ingunn, til Skottland på steppekurs.
Tilbake i Oslo tenkte ho at det var berre å flytte.
Eg slutta på Rimi, pakka bagen og for, smiler ho.
Heldig
Ho seier seg svært heldig som kom så fort inn i musikkmiljøet i Edinburgh. Ho vart fort kjend med ei jente som visste det meste.
Anne Sofie tok til å spele bodhran, denne rammetromma der ein brukar berre ei stikke. Ho fortel at det er usemje om tromma opphavleg er irsk eller skotsk.
Ho har to deltidsjobbar, begge som personleg assistent for psykisk utviklingshemma.
Anne Sofie er heilt sikker på at ho ikkje vil bu i ein storby for all tid, men er usikker på kva veg det ber.
Kva er grunnen til at du vart interessert i folkemusikk?
Det har eg vore alltid, eg har nok fått det meste gjennom familien, seier Anne Sofie og legg til at den norske folkemusikken vert endå sterkare for henne når ho bur utanlands.
Om ho nokon gong kjem så langt at ho kan leve av musikken, er eitt av måla nådd. No kosar ho seg med musikken saman med venner og er svært oppteken av å få spesielt folkemusikken på bana.
|
|
|