Kjenner seg ikkje trygge på framtida

– Det såg ikkje så svart ut etter brannen på 70-talet som det gjer no, seier ein som har jobba ved Hove Møbler i Stordal sidan 1970.

14, september 05
Randi Flø
Alfhild Midtbust er ei av dei som arbeider ved Hove i Stordal.
Etter brannen flytta dei inn i nytt bygg i 1974 etter å ha klart å halde liv i produksjonen den tida det tok å setje opp ein ny frabrikkbygning. Laminatavdelinga gjekk ikkje med i brannen på 70-talet.

Nedover
Hjellegjerde tok over Hove Møbler i 1998, då var det rundt 160 tilsette. Sidan har nedskjeringane kome puljevis. I dag er det att 26 tilsette på laminat- og maskinavdelinga.
Det tok ikkje lang tid før Hjellegjerde som ny eigar tok til med nedskjeringar, kontorfolket måtte gå først, så gjekk utstansing og tilskjering.

Reindyrke
I mai i år kom det ei pressemelding frå Hjellegjerde som sa konsernet gjennom fleire år har utvikla Hove Møbler AS til ei rein laminerings- og trebearbeidingsbedrift. Omsetninga på laminerte produkt har auka i perioden, og Hjellegjerde treng no meir produksjonskapasitet i Stordal til sin eigen interne etterspurnad. Hjellegjerde vil framover fokusere på dei effektive og lønsame volumprodukta produserte ved Hove Møbler AS. Konsernstyret i Hjellegjerde har bestemt at Hove Møbler AS skal fokusere på volumprodukt og eigenproduksjon. Produkt med lågt volum og stor grad av bearbeiding skal vuderast framover.

Fleire har slutta
Meldinga om å reindyrke laminatavdelinga ved Hove innebar også at mellom fire og ti tilsette måtte slutte. Men det har ikkje vore nødvendig for leiinga å skrive eit einaste oppseiingbrev. Folk har slutta av seg sjølv, og fleire vurderer no å gjere det. Mellom dei som jobbar der i dag er det fleire som søkjer seg over til andre bedrifter.
– Dette har vi vore gjennom mange gongar, vi har venta det. Alle reknar med at det blir slutt. Det er berre snakk om tid. Vi reknar med at det går same vegen som med Scansit. Alle gode ting er tre, slår dei fast rundt kantinebordet.

Scansit
Dei fortel at dei ikkje lenger har tru på det dei blir lovd. Recliner skulle det satsast på, det skjedde ikkje, det gjekk eit halvt år, så var den vekk. Så jobba dei med kvilestolen som dei fekk lovand om skulle produserast i Stordal. Det gjekk ikkje meir enn eitt år, så vart han flytta, først til Sykkylven, så til Thailand.
Så vart det sagt at laminatavdelinga skulle bestå og dei skulle satse på kvalitet. etter eit og eit halvt år tok dei tilsette til å sjå parallellar med Scansit.
– No seier dei opp alle eksterne kundar på laminat og vi skal produsere kun til Hjellegjerde. Det er ikkje satsing, seier ein av dei og legg til at å ha eksterne kundar er viktig for konkurransen og at det er der dei tener pengar.

Kipt å flytte
Øyvind Røyrvik frå Strandebarm i Hardanger har vore lærling ved Hove i eitt år. 1. oktober skal han over til Hjellegjerde i Sykkylven for å vere der i eitt år for å fullføre lærlingtida. Der vil han få større muligheiter til å lære alt.
– Arbeidsmiljøet her har vore veldig bra, seier han og synest til blir kipt å flytte.

Galgenhumor
Det er ein gjeng med mykje humor vi møter ved kantinebordet, iblanda alvor og galgenhumor.
– Vi samanliknar med Recliner og Scansit og føler at det går den vegen, vi føler det som at grunnen tek til å reise under føtene våre. Den som er att her, kan ikkje kjenne seg trygg og kan ikkje planleggje framtida, seier ein av dei.
– Du får ikkje lån om du seier at du jobbar her, skyt ein annan inn med eit smil.
Dei meiner at det dei kallar tilhørigheit til ein arbeidsplass har forsvunne, stoltheita er borte og dei har ikkje lenger tiltru til lovnader.
– Det hadde vore mykje betre om leiinga sa direkte kva planar dei har i staden for å drage det ut år etter år.

På leit etter laminat

– Den sterkaste bakgrunnen for at Contract Møbler flytta frå Liabygda og inn i Hovebygget var basert på at huseigar Hove Møbler (Hjellegjerde) heldt til her, og at dei skulle levere laminat og treverk til vår produksjon. Avtalen var basert på eit langsiktig og nært samarbeid, og var strategisk viktig for oss.
Dagleg leiar i Contract Møbler As, Harry Tøsse, seier at grunnlaget for at dei flytta inn i Hovebygget er borte når dei ikkje lenger får levert laminat og treverk frå Hove.
Det seier dagleg leiar i Contract Møbler, Harry Tøsse.
Frå nyttår må dei sjå seg om etter ein annan leverandør av laminat eller finne andre løysingar. Det finst ikkje meir enn tre laminatprodusentar her til lands, og to av desse tek no ikkje inn nye kundar grunna behov for kapasitet til eige konsern.
Hjellegjerde har gitt beskjed om at laminatavdelinga ved Hove i Stordal kun skal produsere til morselskapet frå nyttår. Etter at Hjellegjerde i mai hadde varsla auka prisar på laminat, fekk Contract Møbler i staden for nye prisar, rett føre ferien skriftleg oppseiing av leveringsavtale.

Leigeavtale
Contract Møbler er framleis bundne av leigeavtalen med Hjellegjerde på lokala i Hove-bygget. Når dei no ikkje lenger får levert laminat og trekomponentar frå Hove, er ikkje dei same vilkåra til stades.
– Vi vurderer no kva vi vil gjere med denne situasjonen. Argumentet for å flytte inn her, er vekke, seier Tøsse. Reint juridisk er vi usikre på kva ansvar Hjellegjerde har, men god forretningsmoral er det slett ikkje.
Han fortel at det for dei var ei ganske stor økonomisk belastning å flytte frå Liabygda til Stordal i form av flyttekostnader. I tillegg til at dei hadde behov for større plass, vurderte dei synergieffekten ved å vere i same lokale som underleverandøren for laminat som viktig. Contract Møbler leverer mykje møblar til helse og instituasjonar, og bruker av den grunn mykje laminat.

To alternativ
Tøsse seier at for Contract Møbler er det no to alternativ å velje mellom. Anten må dei finne ein produsent dei er tente med. Det blir vanskeleg, sidan det er så få som leverer til eksterne kundar.
Ei anna løysing er at dei går gjennom ei sterk omstilling kolleksjonsmessig, og går meir over på heiltre. Dette medfører også store kostnader.
Konklusjonen på kva løysing det blir, vil bli teken i løpet av månaden.

Snu skuta
– Vi trengde ikkje dette no. Vi har hatt ein del utfordringar og er i ferd med å snu skuta, utviklinga den siste tida har vore positiv. Men ein får seg stadig overraskingar, seier Tøsse.
Han legg til at det er synd for Stordal at laminatproduksjonen på Hove vert trappa ned. Dei har eit potensial, både innanlands og på eksport, og sit inne med ein sjeldan og verdfull spesialkompetanse.

Ingen kommentar
Administrerande direktør i Hjellegjerde, Eldar Eilertsen, var ikkje villig til å svare på spørsmål frå Storfjordnytt då vi tok kontakt med han. Han sa at dei skal produsere laminat til Hjellegjerde og berre det.