Opnar utsikta mot fjorden

– Det er viktig at det er ope både for tuistar og fastbuande.

21. september 05
Randi Flø
Det opnar seg eit fint syn mot fjorden når den tette skogen er borte. Frå venstre: Anders Venås, Grete Kongshaug og Knut Edvard Grøtta.
Det seier Grete Kongshaug i Statens vegvesen. Både utover Lingestranda og mellom Linge og Valldal er det rydda bort mange tre og mykje kratt. No kan folk nyte utsikta mot fjorden.

Nasjonal turistveg
Statens vegvesen har leigd Venås skog- og hagepleie til å gjere jobben på denne strekninga, og Anders Venås og Knut Edvard Grøtta har halde på i to-tre veker med arbeidet. Framleis står det ein del att.
Kongshaug fortel at tiltaket har samband med Nasjonal turistveg, som gjeld heile vegen frå Åndalsnes til Geiranger. På somme strekningar har dei avtalar med grunneigarar som skal gjere jobben sjølve mot betaling. På Høghjelle er det eit prosjekt med geiter som beitar på eit innegjerda område.

God verknad
Å ta bort den tette krattskogen har god verknad særleg mot sjøen. Dei to ryddarane fortel at dei set att ein del varmekjære tre som låglandsbjørk, hassel og kirsebær.
Det har ikkje vore vanleg skogsarbeid dei har drive på med. Det er til dels bratt og vanskeleg tilgjengeleg terreng. Veret har ikkje vore av det tørraste den tida dei har drive på heller.
Dei har prøvd å finne ein balanse og må heile tidavurdere undervegs. Tek dei bort alt, er det lett for at det sprutar fort opp att med nytt kratt. Let dei nokre tre stå att, er vona at det skal gje litt skugge og hemme ny oppvekst.

Grunneigarane
Kongsaug fortel at dei må ha avtale med grunneigarane i området på det som ikkje er vegstellet sin grunn. Stokkane som blir av dei mange nedfelte trea er det grunneigarane som får til ved.