Gapahukar i Rystene

Jarle Hove har laga til ein idyllisk plass «fram i Rystene» på Vinje, med to flotte gapahukar og grillplass. Snart kjem det også leikeapparat.

21. september 05
Kenneth Kamp
Jarle Hove har laga til to gapahukar for gjestene til Stordalsferien og for ungane i Andershaugen barnehage. Dei to bladfyk-borna fekk vere med å «modellere».
I hovudsak er det gjestene til Stordalsferien, som Jarle Hove driv, som vil få glede av gapahukane. Men barnehagen i Stordal får også nytte området til leik og grilling, når dei ønskjer. Unntaket er i den travlaste sesongen, i vekene før og etter sommarferien. Minst ei av avdelingane har allereie hatt ein vellukka tur til området, der Veslefrikk-ungane storkosa seg.

Rydda
Jarle Hove har rydda vekk området for den tette lauvskogen, laga til ein fin grusveg og planta bjørketre som ein allé langs vegen. Der er mange flotte klatretre på staden, men Hove har også planar om å lage til nokre stokkar til å balansere på, og han vil setje opp eit par leikestativ. Dei skal vere heilt og fullstendig sikre, lovar han, så det ikkje skal verte mogleg for ungane å skade seg.
Området i Rystene ligg mellom to gamle kvernveiter, der Lilleelva ein gong vart delt for å gje kraft til to kvernhus. Det går småaure i elva, så det er mogleg for både ungar og vaksne å få aure på eit par hekto, som dei kan grille på den hellelagde grillplassen.
Jarle Hove fortel at han er oppteken av å utvikle Stordalsferien langsamt og steg for steg. Området han no held på å lage til, kan gjere det litt meir attraktivt for ein barnefamilie å leggje fiskeferien til Stordal, sjølv om Hove ikkje trur at nettopp gapahukane vil gjere utslaget. Det er alle dei små tinga som Stordalsferien og andre i Stordal utviklar, som gradvis vil gjere Stordal meir og meir attraktiv som turistmål.