Ein god smak av Geiranger

Pølse av sau og geit tilsett ein del lokale krydder. Det er godt. Fem karar i Geiranger har tru på dette. Folk som tek del i lokale julebord i år, får teste

28. september 05
Randi Flø
Arve Løken og fire andre er i ferd med å byggje opp eit pølsefirma i Geiranger basert på lokale råvarer. Produktet har fått god mottaking.
Ein av dei fem, Arve Løken, fortel at dei har hatt ein prøveproduksjon av pølsa, og produktet har vorte godt motteke. Til no er det hotell og restaurantar i Geiranger som har servert pølsa, Naustkroa hadde det som eigen verdsarvmeny, og Union hotell hadde pølsa som ingrediens i ein fjordbuffet. Fleire av sesongbedriftene i bygda har også servert pølsa som skal marknadsførast som «ein smak av Geiranger». Alle stader er det gode tilbakemeldingar.
Saman med seg har Løken Tor Arne Grande, Olav Arne Merok, Tor Hole og Sturla Bjørnstad. Det begynte på kjøkenbenken heime, sidan har det berre utvikla seg litt etter litt

Produksjonslokale
Løken fortel at dei i desse dagar set i gang for å gjere det nedlagde vaskeriet om til eigna produksjonslokale for pølsa. I løpet av tre-fire veker håper dei at lokala skal vere klare til produksjon.
Firmaet har namnet Mørkrullen DA. Målet er å utvikle det til å bli nokre arbeidsplassar. Dei jobbar med å få på plass finansiering, men det er ein tungrodd prosess. Til no er dei inne med private midlar.
Siktemålet er å kunne produsere nok til julebordsesongen i denne omgang. På sikt har dei store planar om å utvide til også andre produkt, der mellom anna fenalår vil passe godt inn i sortimentet.
Etter at Geirangerfjorden fekk verdsarvstatus opnar det seg slike muligheiter. Løken seier at noko av poenget er at produksjonen skjer i Geiranger og at det er basert på lokale råvarer.
– I første omgang vil vi levere til nærmiljøet, i tillegg har vi ute følarar andre stader, seier Løken og legg til at dei har nokre avtalar allereie.
Folk som ventar å kjøpe pølsa i butikken, må nok vente ei stund, fordi det er eit omfattande arbeid med merking som skal til for å få eit slikt produkt ut i butikkane. Men det er mulig å kjøpe direkte frå produsenten i Geiranger.