Indre Strøk heldt ein fin og variert konsert i Grendasalen i Stordal på søndag.

28. september 05
Kenneth Kamp
Musikalske sysken: både syster og bror er med i Indre Strøk, eit strykeorkester for musikalsk ungdom frå regionen. Orkesteret rekrutterer til Ålesund symfoniorkester.
Både junior- og ungdomsorkesteret til Indre Strøk deltok på konserten i Stordal. Dei yngste spelte to stykke, og det mest spennande var nok opningsnummeret, Tekanna, av Odd Johan Overøye. Stykket var lagt opp som ein illustrasjon til Tekanna av 200-årsjubilanten H. C. Andersen, og vart framført parallelt med at eventyret vart lese opp. Etter denne klangrike eventyrtolkinga, fekk vi høyre “Suite i gammal stil” av Henning Kaggerud.
Ungdomsorkesteret hadde litt meir på programmet enn dei yngste, og starta med “Don Quijote-suite” av Georg Philipp Telemann og “Andante Festivo” av Timothy Miller. Deretter fekk vi høyre ei spennande tolking av “Byssan Lull” (arrangert av Tormod Tveite Vik.), og ein magisk og gåtefull islandsk folketone (“Visur Vatsenda-Rosu, også arrangert av T. T. Vik.)
Det siste nummeret var nok høgdepunktet for mange i salen, både fordi det var “Hausten” av Vivaldi, og fordi Stordals unge, lovande fiolinist Kristina Malene Stavseng fekk imponere som solist.
Også broren til Kristina, Kristoffer Olai, er med i Indre Strøk, som cellist. Etter konserten fortalde han at han har vore med i ungdomsstrykeorkesteret sidan i fjor, og synest det er svært kjekt. Han har absolutt ikkje tenkt å slutte å spele, og vonar han kan halde fram å drive med musikk når han er ferdig med skulen. Men kvifor han no prioriterer cello framfor til dømes piano, er han ikkje sikker på. Det har no vorte slik, og det trivst han med.
Kristina spelte trygt og fjellstøtt, men hevda ho var svært nervøs før konserten. Ikkje minst sidan ho skulle spele solo på heimebane. Men når ho først var i gang, var det berre kjekt. Og det er vel slik det skal vere; for å yte mest og best skal ein ha litt sommarfuglar i forkant.
Indre Strøk har hatt øvingshelger i Stordal fleire gonger, men dette var første gong dei heldt konsert i kommunen. Men med to stordalstalent mellom utøvarane, kan det vel hende det ikkje tek all verdas tid til neste gong.