Det var Valldal Naturopplevingar som hadde teke på seg å arrangere friluftshelg i høve Friluftslivets år.
Til brevandringa på laurdag, var det berre ein som melde seg på, så vart det ikkje noko av.
Mange rundt bålet
Godt over 30 personar var samla i villmarksleiren. Her var det mange tilbod og utfordringar for den som ville prøve.
Det var høve til å klatre. Eller du kunne rutsje over elva og balansere på tau tilbake.
Nokre var med på tur ned i grottene.
Sjølvsagt var det god tid til grilling og kos rundt bålet.
|
|
|