Aktive i alle aldrar

Mødre på randen, utkledde bestemødre med song, ungar i ivrig paradishopping. Dette og mykje meir var innhaldet i ein triveleg og aktiv generasjonsdag i Stordal sist laurdag.

05. oktober 05
Randi Flø
Barnekoret i Stordal ga alt då dei framførte fleire songar til glede for publikum.
Utgangspunktet for arrangementet var 1. oktober som er eldredagen kvart år. I år, i samband med Friluftslivets år, vart dagen kominert med barnebarnas dag. Eldrerådet hadde fått med seg mange medspelarar og arrangerte ein dag full med aktivitetar, både ute på Kirkebø stadion og inne i Stordalshallen.

Fotball
Etter at leiar i eldrerådet, Sigrun Hove, hadde opna med nokre velvalde ord, var det Stordal skulekorps som bles arrangementet i gang.
Så var det klart for fotballkamp mellom generasjonane. Det var ikkje så mange av dei vaksne som hadde klart å stille lag, til gjengjeld gjorde dei det til gangs, dei spreke damene som kalla seg «Mødre på randen». Med kostymar og heilhjarta innsats gjorde dei kampen mot eit gutelag svært spennande. Også i dei neste kampane vart det vist stor innsatsvilje og publikum var svært engasjerte.
– Det er meir publikum her enn på herrelaget sine heimekampar, kommenterte ein godt opplagd speaker, Karl Støle.
Det var fleire aktivitetar ute, og det var mykje å lære for dei yngre. Fleire typar paradis vart innstudert, og andre leikar engasjerte dei unge.
Inne
Inne i hallen var det råd å få seg både mat og drikke.
Sigrun Hove orienterte om bakgrunnen for arrangementet, og sa mellom anna at dei har fått tildelt 7.000 kroner frå friluftsrådet til dette arrangementet.
Etter at dei hadde sunge Stordalssongen, var det barnekoret sin tur. Ikkje berre song dei, men dei sjarmerte stort både foreldre, besteforeldre og andre i salen.
Eldbjørg Busengdal las ein sjølvskriven prolog som handla om forholdet mellom generasjonane.
Etter matpausa var det fleire innslag. Utkledde bestemødre song, tok med seg ungane på marsj rundt om i hallen, medan alle song: “Eg har ei gammal tante, som heiter Monika”. Gammaldansgruppa stod mellom anna bak kostervalsen, og også dei inviterte med seg borna, som såg ut til å storkose seg
Skal vi tippe, må det vere fleire, både unge og eldre, som var godt nøgde med denne dagen.