Eplefest

Etter halvanna veke med eple opp og eple i mente for små-steget ved Stordal skule, var det duka for smakfull eplefest.

12. oktober 05
Alfred Nilsen
Ekte eplefeststemning
Det har vorte tradisjon at små-skuleelevane ved Stordal skule tek føre seg ei haustfrukt eller -grønsak og steller til allslags lekre retter. Tidlegare har dei mellom anna teke føre seg plomme, potet, og gulrot, og i år var turen komen til eplet.
Elevane har lært mangt og mykje om eplet, og dei fire stega i småskulen har laga kvar sine epleretter, som vart serverte og fortærte på eplefest sist torsdag. Då Storfjordnytt kom til festen, var fjerdeklassingane i ferd med å avslutte ein velkomen-til-bords-song; det var dei som hadde hatt ansvaret for å lage til det innbydande langbordet, pynta med haustlauv og rognebær. Bordet var sett opp i gangen, og på eitt av klasseromma var eplerettane sette fram. Her var det eplemuffins (med eple og mandel), eplekake, eplegraut og ymse andre eplegodsaker.
Feststemninga var det ikkje noko som helst å seie på; eplematen gleid ned med raud saft medan ungane strålte og skrålte, som ein skal i ekte festleg lag. For, som kontaktlærar for førsteklassingane, Jarle Helgesen, peika på:
- Dette er også skulen i dag. Elevane gjer langt meir enn å lære seg matematikk og norsk; dei lærer seg også kultur, samhandling og rett og slett å vere sosiale og ha det triveleg saman. Eller som det står i læreplanen: Elevane skal verte «gagns og dugande menneske».
I framlegget til ny læreplan vert det lagt langt mindre vekt på slikt som kultur og å ha det kjekt med klassekameratane, fortel Helgesen. I staden skal elevane «lære meir». Og «meir» er visst noko heilt anna enn å stelle til eplefest.