Siste veka har vi halde på nesten kvar dag, vi har øvd på sketsjane og laga til utstillinga, seier Odin Jæger, som er ti år og aspirant.
Hans oppgåve i år heiter såpe. På utstillinga hans var det såper i mange variantar, nokre med litt lukt tilsett. Her stod det vaskefat med vatn og tørkepapir, slik at folk kunne få prøve såpene. Odin fortel at han kjøper såpemasse i ein hobbybutikk. Den smeltar han, og så kan han gjere veldig mykje rart. Han kan tilsetje farge og lukt, og han kan støype såpene i ulike former. Odin begynte i Ruggå 4H i fjor, og då hadde han matlaging som oppgåve. No er han aspirant, seinare er det junior og senior.
Rally
Lars-Jonas Ytterlid er også aspirant. Han har valt si store interesse, Petter Solberg, som oppgåve.
Eg har samla på avisutklipp om han, og eg har vore i Subaru-butikk både i byen og i Stryn, fortel Lars-Jonas.
Nokre av bilane han hadde på utstillinga har han kjøpt sjølv og andre har han fått i gåve.
Har du fått tak i autografen til Petter Solberg?
Nei, men eg har Henning sin, det er bror hans, fortel Lars-Jonas.
Han har allereie bestemt seg for at neste år skal han velje traktor og ATV som tema til oppgåva. Han forklarer at ATV betyr firehjuls motorsykkel.
Lars-Jonas var svært uheldig i sommar. Ei veke før skulen slutta, braut han foten, ei stund brukte han rullestol og han har gått på krykkjernesten heile sommaren. Like før skulen starta opp att, fekk han av gipsen.
Senior
Øyvind Magne Fredriksen har vore med i 4H i fem år og er no senior. Hans oppgåve denne gongen handla om sjøfiske. Han fortel at det kan vere vanskeleg å velje emne for oppgåva. I år tok han først eitt, men så fann han ut at det ikkje passa og valde då eitt nytt. Sjøfiske har verkeleg vore interessant. Han har vore mykje på sjøen og fiska, mest vellykka var det med fisktroe og harpe. Garn var det ikkje så lett å få fisk med, synest han.
Underhaldning
Medlemmene i Ruggå 4H hadde stelt i stand til ein flott fest på ungdomshuset i Fjørå sist søndag. Publikum fekk sjølvsagt sjå på alle dei flotte utstillingane, og dei fekk høyre litt om aktivitetane gjennom året, mellom anna var dei med og rydda langs vegen til 17. mai. Nokre har vore på fylkesleir på Gjermundnes og nokre på nordisk leir i Sverige.
Det var ekte og god underhaldning dei baud på. Først ein sokkeleik der dei aktiverte folk i salen. Sidan var det tid for artig sketsj med ein skuletime med vikar som tema. Her var det ikkje måte på alle poeng dei klarte å få inn.
Etter matpausen var det tid for merkeutdeling. May Britt Johnsen frå 4H var til stades. Ho gjekk gjennom alle oppgåvene og alle fekk godkjent.
|
|
|