10. oktober var Verdsdagen for psykisk helse, og denne dagen heldt dei open dag på Solglytt, eit dagsenter for menneske med psykiske vanskar. Kring tjue interesserte brukarar, pårørande og andre kom for å kjøpe seg ein enkel middag og høyre foredrag om korleis ein kan gjere livet sitt betre ved å sjå annleis på seg sjølv og andre. Foredragshaldaren var Tore Johan Øvstebø, som for tida arbeider som diakon i Spjelkavik. Han har tidlegare mellom anna vore med å skipe Frivillighetssentralen i Ålesund, der han var leiar i fem år på 90-talet, og han har mykje røynsle frå sorgarbeid.
Øvstebø fortalde at han har lært mykje av menneske i store kriser. Noko av det viktigaste han hadde oppdaga, var at det er forteljingane dine som styrer livet ditt:
Livet ditt blir slik forteljinga di er, sa den pensjonerte sjukehuspresten Per Frich Høydal til han ein gong.
Livet ditt er forteljinga di
Det var to hovudpoeng i foredraget til Øvstebø: Det eine var at mange ofte ikkje ser dei gode sidene sine, og ikkje minnest dei gode stundene. Det andre var at ein ofte «tenkjer for smått om kva ein betyr for kvarandre», som Øvstebø formulerte det.
Mange har lett for å seie «typisk meg» når noko går gale, eller «sånn er eg» - eller han eller ho, peika Øvstebø på. Slike utsegner vert ofte til sanning, fordi ein berre minnest dei negative episodane som passar inn i mønsteret. Men om ein i staden seier til seg sjølv at det har gått betre før, og det vil gå betre neste gong, er det dette som vert sanninga. Livet er slik du ser på det, og slik du minnest det.
Øvstebø meinte folk treng å oppdage nye forteljingar om seg sjølv. Mange kan ha ei forteljing som starta med at dei vart oversett av mora, urettferdig handsama av læraren og seinare like urettferdig handsama av sjefen. Det som då er viktig er å finne fram til andre sider ved livet til dette mennesket, og lage ei ny forteljing, om draumar, gode menneske det har møtt, interesser og det som har vore kjekt i livet, meiner Øvstebø.
Nestekjærleik
Ein gong hadde Øvstebø vore sjelesørgjar for ei ung mor som hadde vakse opp med ein far som drakk og ei mor som ikkje hadde tid. Det var historia hennar. Men så viste det seg også at ho hadde hatt ei bestemor som ho hadde vore svært glad i. Ho hadde lese for ho, sunge med ho og spelt skodespel. Men den unge mora hadde nesten aldri fortalt nokon om denne bestemora. Når ho no fekk gjort det, fekk ho også ei heilt anna og betre forteljing om livet sitt.
Ei anna historie hadde Øvstebø frå Simon Flem Devold: Han hadde snakka med ei 15 år gammal jente som hadde opplevd mykje trist i livet. Likevel var ho full av optimisme og tru på framtida. Men ho hadde ei bestemor som alltid hadde vore der for ho, oppmuntra ho og gitt ho tru på seg sjølv. Og ho hadde hatt ein lærar som hadde lært ho å symje på fritida, og det fanst ein nabo som alltid smilte til ho og snakka med ho ved postkassa. Desse tre menneska var det som hadde fått ho til å sjå lyst på framtida.
Praktisk omsorg
Tore Johan Øvstebø meinte desse historiene viser kor mykje ein kan utrette med god gammaldags nestekjærleik og enkel, praktisk omsorg, og han avslutta med ei klar, men dessverre ikkje alltid like enkel oppmoding:
- La oss gje dei gode forteljingane makt og liv!
|
|
|