«Kommunestyret vil peike på at kontrollutvalet skal føre det daglege tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga på vegner av kommuenstyret. Kommunestyret finn det difor uheldig at rådmannen og ordføraren engasjerer kommuneadvokaten i saker som gjeld kontrollutvalet sitt tilsyn med den kommunale forvaltninga. Dette ligg til kommunestyret å vurdere.» Slik heiter det i eitt av punkta i framlegget til vedtak utarbeidd av kontrollutvalet.
I eit anna punkt heiter det at for å sikre den allmenne tillit til Norddal kommune, ber ein om at eventuelle framtidige avtalar som vedkjem økonomiske forhold knytt til rådmann eller ordførar vert lagt fram for kompetent organ for avgjerd.
Dei to sakene om legebustad, både utleige av ordførar Arne Sandnes sitt hus på Gjerde og kjøp av kommunal legebustad i Vika, har versert i lengre tid. No har ein nøytral juridisk ekspert, advokat Erling Grimstad, hatt saka og kome med ei juridisk vurdering. På bakgrunn av denne vurderinga har kontrollutvalet kome med ei innstilling til vedtak i kommunestyret komande torsdag.
Leigeavtale
Det var tidleg i år at det vart inngått ein leigeavtale mellom Norddal kommune og privatpersonen Arne Sandnes om å leige ut huset på Gjerde til legebustad. Frå kommunen si side var det rådgjevar Helge Svensvik som vart sett til å skrive under avtalen. Då kontrollutvalet behandla denne saka i mars, ba dei om at den inngåtte leigeavtalen mellom Norddal kommune og Arne Sandnes vart sanksjonert i formannskapet.
I si vurdering konkluderer advokat Erling Grimstad med at ordførar og rådgjevar Svensvik var inhabile i avgjerda om leige av ordførar Arne Sandnes sin bustad. Etter hans vurdering er det mykje som tyder på at leigeavtalen med Sandnes må sjåast på som ugyldig. På bakgrunn av tilgjengeleg materiale i saksbehandlinga etterlyser han skriftlege dokument om eventuelle habilitetsvurderingar, uklarheit om kva tid avgjerda om leige vart teken og av kven, motstridane opplysningar på fleire punkt og mangel på openheit.
Legebustad i Fjørå
Ei anna sak som har gått om lag parallellt med leigeavtalen er kjøp av legebustad i Vika.
Formannskapet ga i mars 2004 rådmannen og ordføraren fullmakt til å leggje inn bod på hus i Vika innafor dei økonomiske rammene som vart avtalt i møtet. Det går ikkje fram av vedtaket kva økonomiske rammer som vart avtalt.
Rådmannen la inn eit bod på 1,9 millionar kroner for huset, som seljaren ikkje ville godta. Norddal kommune var einaste bydar på huset. Seinare la ordføraren inn fleire bod, som til slutt enda opp med 2,25 millionar kroner som vart akseptert frå seljar. Kontrollutvalet vedtok i mai å granske saka nærare.
Advokat Erling Grimstad konkluderer med at det kan reisast kritikk mot den kommunale saksbehandlinga. Det er ikkje klart kva mandat ordførar og rådmann fekk, kva beløp og om dei også fekk fullmakt til å inngå kontrakt om kjøp av eigedommen. Det er uklart om inngåing av kjøpskontrakt er godkjend på rett nivå i kommunen. Det er manglande informasjon om kva oppgåver ordførar og rådmann utførte under bodgjeving på den aktuelle eigedommen. Det er også mangel på informasjon om kva vurderingar som vart gjort av eigedommens verdi og andre alternativ som låg føre for kjøp av bustad.
Kontrollutvalet
Kontrollutvalet behandla begge dei to sakene i same møte. I første saka bad dei om at den inngåtte leigeavtalen mellom kommunen og Arne Sandnes vart sanksjonert i formannskapet. I saka om legebustad i Vika stilte dei seg kritisk til saksbehandlinga, mellom anna på grunn av manglande protokollering av øvre ramme for kjøpet. Dei merka seg spesielt at Norddal kommune betalte 350.000 kroner utover bod på 1,9 millionar kroner utan at det låg føre bod frå andre kjøparar.
Etter at kontrollutvalet gjorde sine vedtak, vart sakene 22. mars sende til Norddal kommune for behandling i formannskapet.
I staden for å leggje sakene fram for formannskapet, kontakta rådmannen og ordføraren advokat Svein Tømmerdal, som er Norddal kommune sin juridiske rådgjevar, med oppmoding om ein uttale i tilknyting til sakene.
Kommuneadvokaten
Når det gjeld saka om leigeavtale mellom kommunen og Sandnes konkluderer Tømmerdal med at det ikkje er grunn til å reise mistillit verken mot Arne Sandnes eller Kjell-Roar Henriksen på bakgrunn av den utgreiinga som Arne Sandnes har gitt.
I forhold til saka om legebustad i Fjørå seier Tømmerdal at under føresetnad av at formannskapet stadfestar den framstillinga som er gitt av ordførar og rådmann, kan han ikkje sjå at det er noko grunnlag for å kritisere dei, men det ville vere ønskjeleg med eit meir presist formannskapsvedtak som gav ordførar og rådmann ei fullmakt til å inngå avtale basert på eit vedtak.
Trekte saker
Kontrollutvalet vart kjend med Tømmerdal si vurdering 3. mai. Dei la til grunn at sakene uavkorta ville bli lagde fram for formannskapet. Det at ordførar og rådmann, som begge er inhabile i forhold til kontrollutvalet sine vedtak, tek avgjerd i form av å oversende sakene frå kontrollutvalet til kommuneadvokaten, er i seg sjølv så spesielt at kontroll-
utvalet såg det nødvendig å få ei vurdering også av kommuneadvokaten sitt arbeid.
I si vurdering konkluderer Grimstad med at det ikkje går klart fram kven som var advokat Tømmerdal sin oppdragsgjevar i saka. Det har betydning for bedømmelsen av det oppdraget han har utført.
Etter Grimstad si meining er det underleg at kommuneadvokaten ikkje har reist spørsmål om inngåing av leigeavtalen med ordføraren i forhold til habilitetskrav og dei krav som gjeld om god forvaltningsetikk. Det ville etter hans meining ha vore naturleg å drøfte denne problemstillinga uansett om Tømmerdal utførte oppdraget som advokat for rådmannen eller for Norddal kommune.
Leigeavtalen mellom Arne Sandnes og kommunen vart oppsagd siste dagen i august, noko kommunerevisjonen måtte vende seg til kommunen for å få vite. Dette brevet mottok kontrollutvalet 10. oktober. Kontrollutvalet peikar på at sjølv om rådmannen er godt kjend med at kontrollutvalet ser alvorleg på saka, då den gjeld den allmenne tillit til Norddal kommune, har han ikkje funne det nødvendig å informere kommunerevisjonen eller kontrollutvalet om at det låg føre nye opplysningar som openberrt er relevante for den pågåande granskinga.
Til slutt i saksutgreiinga blir det vist til at vurderinga av desse sakene på sjåast på bakgrunn av omsyn som skal skape tillit til den kommunale forvaltninga.
|
|
|