Rovdyr tek liv

Astor Furseth har skrive bok om alle kjende tilfelle der ulv eller bjørn har drepe menneske i Norge.

26. oktober 05
Kenneth Kamp
Astor Furseth har skrive boka «Drept av bjørn og ulv. - en historisk oversikt over mennesker drept og skadet av rovdyr i Norge de siste 400 år». Boka er ei blanding av lettlesen fagbok og biletrik praktbok. Ho er gjeven ut på Landbruksforlaget.
Rovdyrvernarar har lenge hevda at den norske ulven og bjørnen ikkje er farlege for menneske. Bjørnen drep berre om han vert provosert, og ulven har aldri drepe i det heile, har vore omkvedet. Men det har mangla dokumentasjon. Etter meir enn ti års arbeid har Astor Furseth no skrive boka «Drept av bjørn og ulv», der han legg fram 52 dokumenterte eller sannsynlege bjørnedrap og 11 dokumenterte eller sannsynlege ulvedrap i landet dei siste 400 åra.
Attåt dei 63 dokumenterte og sannsynlege rovdyrdrapa, er boka spekka med historier og segner om menneske som har vorte drepne av bjørn eller ulv, men der forfattaren meiner dokumentasjonen ikkje er sterk nok til å konkludere med at det verkeleg er desse rovdyra som har vore på ferde. Historier om folk som har vorte skadde av ulv og bjørn er også med, saman med historier om dei som har vore uheldige nok til å gå seg inn i sjølvskot og bjørneglefser.

Snillare ulv i Norge?
Astor fortel at han lenge hadde lurt på om det verkeleg kunne vere slik at det ikkje var fleire enn åtte menneske som var drepne av bjørn her i landet. Og var verkeleg den norske ulven så særskilt vennlegsinna at han ikkje hadde drepe eitt einaste menneske, når det er minst 100 dokumenterte ulvedrap i Sverige og fleire tusen elles i Europa?
Under arbeidet med å dokumentere norske skred- ulykker, fann Astor Furseth fleire tilfelle der folk var drepne av bjørn og ulv, og han gav seg til å røkje nærare etter i saka. Han fortel at ei av dei viktigaste kjeldene, til liks med i skredforskinga, er kyrkjebøkene. Dessverre var det ikkje før i 1730-åra det vart vanleg å føre dødsårsaka inn i kyrkjebøkene, og dette gjer at det er vanskeleg å dokumentere rovdyrdrap frå før denne tida, opplyser Astor. Mange kyrkjebøker er også ufullstendige langt fram på 1800-talet, og frå dei tidlegare ulverike områda på Austlandet er det mest ikkje kyrkjebøker å finne; dels har dei aldri funnest, og dels har dei vorte øydelagde. Dette er truleg ein av grunnane til at det er dokumentert langt fleire ulvedrap i Sverige enn i Norge, meiner Astor; svenskane har ført dødsårsaka inn i kyrkjebøkene sidan 1648.

Mannbjønnen
Møre og Romsdal er faktisk det fylket der flest menneske har vorte drepne av bjørn, fortel Astor Furseth, og resten av Vestlandet kjem også dårleg ut på statistikken. Den ulike kyrkjebokskrivinga har nok noko med saka å gjere, men bjørneforskarar trur også at skilnaden skuldast det kuperte terrenget på Vestlandet, som gjer at det har vore lett å komme overraskande på bjørnen, forklarer Astor.
Det er heilt klart at det har vore mykje bjørn i Møre og Romsdal, men det høge drapstalet skuldast i stor grad «Mannbjønnen» i Halsa, som drap fem og skadde mange i åra 1775-76. Det har vore usikkert om det var ein eller fleire bjørnar som stod bak dei ulike hendingane i området, men mest truleg er det berre ein, trur Astor. Truleg har det vore fleire bjørnar i området denne tida, men det er ekstremt sjeldsynt at bjørn drep menneske for føda, slik det ser ut til å ha skjedd i Halsa, der offera vart meir og mindre oppetne. Astor Furseth nemner berre eitt anna slikt tilfelle i boka, og han trur derfor ikkje det kan ha vore fleire menneskeetande bjørnar i Halsa på same tida.
Området der Halsa-drapa skjedde er også innafor eit område på berre 200 kvadratkilometer - ikkje større enn helvta av heimegrunnen til ein typisk bjørn - og ingen av drapsåstadene låg lengre frå kvarandre enn at ein bjørn kunne kome frå her til der på ein dagsmarsj. Det var heller ikkje fleire menneskeoverfall i Halsa etter den vidgjetne bjørnedødaren «Skyttar-Tolløv», som skal ha skote minst 110 bjørn og 11 ulvar, lukkast ta livet av ein ekstra storvaksen bjørn i området. Etter segna nytta han ein sølvknapp framfor kula, for å trengje gjennom trolldommen som måtte vere kasta over bjørnen. For fleire hadde skote etter bjørnen og treft, men ingen av dei sju andre kulene som skal ha vorte funne i bjørnekroppen, hadde gjort det av med Mannbjønnen.

Gullafallet og Helgaberget
Den mest lokale historia som er teken med i boka til Astor Furseth, er frå Stordal på 1600-talet: Gulla, ei jente frå Midtbust, vart overfallen av bjørn medan ho leitte etter krøter. Kampen enda med at ho fall utfor ein hammar, seinare kalla Gullafallet, og slo seg i hel. Hammaren ligg nær råsa opp til Midtbustsetra. Men det er også ei anna historie frå det same området, om Helga Hove, som vart teken av bjørn på ein stad på Hove som no heiter Helgaberget. Astor Furseth funderer på om dei to historiene kan ha opphav i ei og same hending, og trur minst ei jente i Hove/Midtbust-området har vorte drepen av bjørn.
Det er også med to lokale bilete i boka: Det eine er frå 1960-talet og viser stabburet på Ytste Jøsvoll i Stordal, der skallane frå fem bjørnar og to ulvar var spikra opp på eine veggen. Det andre biletet er frå 1892 i Valldal, der dei tre bjørnejegarane Ole Elias Jemtegård, Peder Uri og Åse-Lydel syner fram ein bjørneskrott. (Prentesvarten har elles rota det til og trykt biletet også på ein annan stad i boka, med heilt feil tekst.)
Astor Furseth seier det har vore bjørn i indre fjordstrok i alle fall så seint som 1910. Det er ikkje med
forteljingar om bjørnedrap frå Norddal kommune i boka, men Astor fortel om ei segn frå Dalsbygda, der ei ung jente skal ha vorte drepen (og delvis oppeten) av bjørn. I Rauma har det vore minst fire bjørnedrap, som er det nest høgste talet for einskildkommunar her i landet. Det siste bjørnedrapet i Rauma skjedde i 1815. Men i Sykkylven vart ein gut på sauesanking drepen av bjørn så seint som i 1895. Truleg var det den same bjørnen som hadde vist seg på Stranda eit par veker tidlegare, for på denne tida var det ikkje mange bjørnar att, og lagt labben «gemyttleg» på ei lita jente, utan å skade ho.

Dyrevernkritikk
Dei første dagane etter boka har kome ut, har Astor Furseth møtt ein del motstand frå dyrevernorganisasjonar. Tidlegare har dei argumentert med at det ikkje har funnest dokumentasjon på rovdyrdrap, seier han, men no når dei har fått argumentasjon, vil dei ikkje lite på kjeldene. Mellom anna meiner dei kyrkjebøkene ikkje er pålitelege; det prestane måtte ha funne på å skrive, er ikkje til å tru på. Dessutan meiner dei bjørnen har vorte nytta som bortforklaring for å skjule kriminelle handlingar.
Astor Furseth meiner bortforklaringane til dyrevernarane er berre tull: Kyrkjebøkene er i stor grad dei einaste skriftlege kjeldene vi har for mykje av historia vår. Om ein ikkje kan lite på desse, er det ikkje mykje ein kan lite på. Og kva skulle prestane oppnå ved ikkje å skrive sanninga? Å skjule eit menneskedrap ved å skulde på bjørnen, kan heller ikkje ha vore lurt. Trass i alt var det svært sjeldan bjørnen drap menneske, og noko slikt ville berre føre til ekstra merksemd kring drapet, trur Astor. Han avviser også teoriane om at bjørnane har ete på menneskekroppane etter at dei har døydd av andre årsaker; dette er latter-
leggjering av naturkunnskapen til bygdefolk, seier Astor krast. For det er lett å sjå skilnad på ein kropp som har vorte eten på i live og ein kropp som har vorte togge på etter livet har forlate han.
Attåt å vise at det er langt fleire her i landet som har vorte drepne av bjørn og ulv enn forskarane har (villa) trudd, dokumenterer Astor Furseth også at det på langt nær er berre bjørnejegerar som har provosert dyra som har vorte drepne. Faktisk er det store fleirtalet menneske som ikkje har gjort anna enn å ferdast i skog og mark. Astor vonar dette vil vere med å endre både