Spennande i øvre Valldal

Sist fredag var mange samla på grendahuset i Tverrvika. Sosialt samvær og planane ved Gudbrandsjuvet årsaka til at mellom 30 og 40 personar frå heile grenda møtte fram.

02. november 05
Randi Flø
Jan Olav Jensen (frå venstre), Knut Wold og Torunn Golberg delte idear og synspunkt med alle dei frmmøtte på Tverrvika sist fredagskveld. Her står dei bak modellen som viser korleis det kan bli ved Gudbrandsjuvet. Foto: Randi Flø.
Det var den nye innbyggjaren i grenda, Knut Slinning, som hadde teke initiativet til grendafesten med fagleg innhald.
Slinning har nyleg teke over eit bruk på Alstad og har teke til med å setje det i stand. Frå før har han hatt ei hytte her i 19 år, og er såleis godt kjend i området.
Slinning sa at han er glad for å ha fått lov å vere med i prosessen rundt Gudbrandsjuvet, som Nasjonal Turistveg står bak. Han ser føre seg at dette prosjektet kan vitalisere heile øvre Valldal. Hans eige prosjekt opp i det heile er å utnytte garden, ruste han opp og byggje små hotellrom ute i naturen på spektakulære plassar. Tur til Finnane, opplevingar i villmarksleiren, rafting, fjellgardar, laksefiske er døme på det hans overnattingsturistar kan få av tilbod.
– Førebels er dette berre tankar eg har i hovudet, sa Slinning.

Nasjonal turistveg
Tre av dei som jobbar med prosjektet ved Gudbrandsjuvet i regi av Nasjonal turistveg var til stades på Tverrvika fredagskvelden. Dei orienterte forsamlinga om planane så langt.
Først ute var Knut Wold, som er utdanna billedhoggar, og har vore engasjert av Vegdirektoratet sidan 1991 i samband med dei 18 vegstrekningane i Norge som har fått status som Nasjonal Turistveg. Hans jobb er å finne punkt eller stader der det skal gjerast noko. Akkurat no er han tungt inne både når det gjeld Trollstigplatået og Gudbrandsjuvet.
Meininga er at dei skal gå inn og hjelpe næringslivet og gjere stadene litt meir spektakulære.
Wold forklarte om materialbruken. Her er dei opptekne av å prøve å bruke det som er autentisk. Ved Gudbrandsjuvet er det fjell, fossen og tre som er landskapsbildet.
– Vi skal ikkje prøve å konkurrere med det som har stått her før. Vi har ofte gjort det slik at det blir ein kontrast til det som er gammal byggeskikk, sa Wold og viste prosjekt andre stader, mellom anna rekkverket ved fossen ved Videseter på den gamle Strynefjellsvegen.
– Det er viktig at det er openheit rundt prosjekta, det viser seg at dei vert meir vellykka og meir besøkte, sa Wold og viste til at dei lokalkulturane som er trygge, også viser seg å vere meir opne. Dei som er redde for noko nytt, får det ikkje til.
Han viste mellom anna til ein rasteplass som var så spesiell og vart så mykje besøkt at dei vurderte å ta bort skilta.

Stor attraksjon
Dei to arkitektane, Jan Olav Jensen og Torunn Golberg, hadde med seg ein modell av planane ved Gudbrandsjuvet, som folk fekk kike på.
Jan Olav Jensen fortalde også om korleis dei har tenkt seg utbygginga og ba om tilbakemeldingar.
Han starta med å seie at Gudbrandsjuvet er ein stor attraksjon, heilt unik i Norge, mellom dei fire mest insteressante i heile landet. Dei fysiske tiltaka i dag er for dårlege. Han viste korleis dei har tenkt seg å lage nytt rekkverk, stiar og bruer. Spørsmålet er kva ein kan gjere i tillegg. Det er ein litt spesiell situasjon for Nasjonal Turistveg å engasjere seg saman med det private næringslivet. Landskapshotellet som Knut Slinng har planar om i området er heilt spesielt.
Han viste til at her stoppar det mange bussar i sommarsesongen, men det er svært lite sal. Meininga med det nye opplegget er at den som stoppar på parkeringsplassen, skal bli ført mot kiosken på ein interessant måte. Det skal vere så interessant og slik ei stor oppleving å vere her at ein hugsar det også når ein kjem heim, og dermed fortel det til andre. Dei ser føre seg eit større område som marknadsplass, med plass til mange, som gjerne sel det same. Jensen sa at dersom folk kjem til ein stad og det står ein kø på seks-sju personar, vil dei ikkje stille seg i kø, og har heller ikkje tid til det. Derfor er det lurt med mange utsal, og dette må skje på dugnad.

Kafe
På modellen er det teikna inn ein kafé med spennande utforming, her er det mange vinklar og mange hjørne. Dermed blir det plass til mange ved vindauga, som gir ei spektakulær utsikt.
Servicebygget er vegvesenet sitt prosjekt, her må det laggjast til rette for å stette alle krav til tilgjengelegheit. Brua er det også vegvesenet som skal stå bak. Arkitektane har kome med framlegg om å bruke glas i golvet.
– Ein kan lage mange ufarlege naturopplevingar som aukar adrenalinet, sa Jensen.
Dersom alt går etter planen blir det byggestart i juni neste år, og det skal stå ferdig i 2008.