Knut Frostad fortel at hjortekalven vart funnen forkomen i ei grøft. Heldigvis hadde Raymond Uri høve til å plassere han i fjøsen, der han fekk både stell og tilsyn gjennom vinteren.
Då våren kom, hadde kalven kome seg godt til, og det var på tide å sleppe han utt att i det fri. Før det vart gjort, sette Frostad merke på kvart av øyra til kalven. Han brukte av dei gule merka han hadde brukt på kalvar og kyr. Her stod det produsentnummer og kommune. Frostad fortel at kalven var ganske vill då han skulle setje på merke.
Dei tok han i ei kasse på traktoren og sleppte han ut på Tegane, og han for fort oppgjennom lia. På hausten såg dei han att i same området, han var lett gjenkjenneleg med dei to merka i øyra.
Til Stryn
Kva hjorten har gjort på i mellomtida er ikkje godt å seie. I alle fall fekk Frostad ein telefon frå Hjelledalen i Stryn 15. oktober. Det var Egil Erdal som var på måneskinsjakt.
Eg hadde faktisk vore ute om lag kvar kveld og morgon sidan jakta tok til. Dette var i elleve-halv tolv tida om kvelden og det var måneskin. Eg hadde tre dyr framfor meg på vel hundre meters hald, fortel Egil Erdal.
Han hadde begynt å finsikte, så høyrde han det brølte oppi marka. Ein nabo som var saman med Erdal, sa at han burde gi den brølande bukken fem minutt. Plutseleg brølte det rett ovanfor bøgarden. Det gjekk berre eitt minutt, så såg dei ein svart skugge. Valldalsbukken med firegreiner kom og tok seg ei runde i utkanten av dei tre andre dyra som gjekk der og kom på godt skothald. Dermed vart det slutt på eit vel fire år gammalt hjorteliv. Erdal fortel at han i tillegg skaut to av dei andre dyra denne kvelden. Medan dette stod på, kom det ein rev tuslande, og den skaut naboen.
Merke
Då han såg dei to merka på bukken, tok han først kontakt med Odd Rønningen, som er miljøvernleiar i Stryn kommune. Han har også drive med eit hjortemerkeprosjekt, og kunne ikkje kjenne att merket frå noko prosjekt. Dei såg med ein gong at fylkesmerket tilhøyrde Møre og Romsdal og at det var Norddal kommune. Ved å ta kontakt med Tine i Ålesund fekk dei vite at det var produsentnummeret til Knut Frostad. Dermed var kontakten i orden.
Hadde det vore for nokre år sidan, hadde Erdal nok synest det var merkeleg at ein bukk kunne vandre så langt. Men etter det han har fått lære gjennom Odd Rønningen og hans merkeprosjekt, viser det seg at hjorten sine vandringar er annleis enn vi trur.
|
|
|