Meir og breiare breiband

Norddal Elverk og Tafjord Kraft er i gang med å prosjektere den vidare breibandsutbygginga i Norddal kommune.

09. november 05
Kenneth Kamp
Morten Arnesen har take på nettet. Foto: kenneth kamp.
Om to veker skal prosjekteringa for breibandsutbygginga i Norddal kommune vere ferdig, opplyser elverkssjef Runar Stette. Norddal elverk har fått i oppdrag av kommunen å stå for sjølve utbygginga, men elverket har ikkje kompetanse til å gjere sjølve prosjekteringa, så denne oppgåva er sett ut til Tafjord Kraft. Når dette arbeidet er ferdig om eit par veker, vert det opp til politikarane å prioritere kor utbygginga skal ta til, og kor mykjesom skal gjerast, opplyser Stette.
Runar Stette forklarer vidare at det i første omgang er snakk om å auke kapasiteten mellom dei sentrale områda i kommunen, ved å leggje ned fiberkablar. Dermed vil ein få ei svært rask tilknyting mellom alle dei kommunale verksemdene. Men Tafjord Kraft skal også mellom anna sjå på kva det vil koste å leggje fiberkablar til dei meir avsidesliggjande telefonsentralane i kommunen. Deretter er det opp til politikarane å prioritere kva område som skal få fibertilknyting.
Prosjekteringa som no er i gang inneber berre å byggje ut fiberkablar; korkje Norddal Elverk eller Tafjord Kraft eller andre vil tilby
brukartenester som følgje av utbygginga, presiserer Runar Stette. Men fiberutbygginga vil gjere det rimelegare og dermed meir attraktivt for fleire aktørar å tilby breibandstenester i kommunen. Med fleire aktørar aukar konkurransen, og dermed aukar også sjansane for at nokon vil tilby tenester til meir avsides og mindre lønsame sentralar i kommunen.
Dermed er det to kriteriar som må fyllast for at dei skal få breiband til dømes på Omenås eller oppover i Dalsbygda: Politikarane må vedta å byggje fiberkablar heilt fram til dei aktuelle sentralane, og nokon må vere interesserte i å tilby sjølve breibandstenesta til husstandane.