Først ute var Sandra Hovland og Arild Ramstad frå Innovasjon Norge. Dei skulle kome med ei nærare utgreiing om kva geoturisme er og om Geirangerfjorden som pilotprosjekt for geoturisme.
Sandra Hovland sa at det faktum at Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er komne på verdsarvlista er eit glimrande utgangspunkt for satsing i området.
Ho snakka om nye målgrupper og viste til at reiselivet på verdsbasis veks, men stilte spørsmål ved kvifor ikkje Norge tek større marknadsdelar. Det som er unikt med Norge er den urørte naturen og det eksotiske.
Dette skal vi ta vare på og gjere det maksimale ut av og også tene pengar på, men på ein skikkeleg måte, sa Hovland.
Ho peika på geoturisme som ei enkel og operativ rettesnor med fokus på kvar einskild stad sin eigenart, noko ein må ha i botnen av reiselivsstrategien.
Hovland viste til at som ansvarleg for reiseliv i Innovasjon Norge har ho ansvar for at ein kjem vidare. Det ligg ei oppgåve i å eksponere alle perlene som er gøymde rundt fjorden.
Men der er de som utviklar destinasjonen, og vi vil vere med. Geiranger har alltid vore bilde av eit fjordlandskap. Det er ikkje så mange turistar som har funne fram til god mat, gode historier og kulturlandskapet. Kva gjer vi med det? spurde ho og la til at geoturisme er alt som gjer staden unik, slik som flora og fauna, historie, vakre landskap og tradisjonell arkitektur.
Konferanse
Arild Ramstad viste til konferansen som var i Geiranger i slutten av august, med både norske og internasjonale innleiarar. Tema for konferansen var utviklinga av berekraftig turisme i Norge og viste at det er eit stort engasjement rundt geoturisme. Gjennom signeringa av National Geographics geoturisme-charter har Innovasjon Norge sett fokus på geoturisme på eit nasjonalt nivå. Lokalt har mange jobba med geoturisme som plattform for næringsutvikling over lengre tid.
National Geographic definerer geoturisme som «Turisme som ivaretek, forsterkar og framhevar ein stad sin lokale eigenart - miljø, kultur, estetikk, kulturarv - og som kjem lokalsamfunnet til gode.
Det er berre eit land tidlegare som har underteikna avtalen, og det er Honduras. |
|
|