Kulturpris til to aktive damer

Stordal bedehus var fullsett fredagskvelden, då det var annonsert konsert med barnekoret. Mange fekk seg ei overrasking då ordførar Charles Tøsse samstundes hadde med seg kulturprisen til utdeling. Den gjekk til Marna Øverøye og Kirsti Almås.

16, november 05
Randi Flø
Kirsti Almås og Marna Overøye er kulturprisvinnarane i Stordal i år.
Kvelden starta med at barnekoret under leiing av Kirsti Almås og Ragnhild Fauske framførte historia om Kong Farao og Moses i ord og tonar.

Fersk nyheit
Så fekk ordførar Charles Tøsse ordet. Han kunne presentere ei såpass fersk nyheit at det ikkje var så mange som visste om det. Onsdag hadde formannskapet gjort vedtak om kven som skulle få Stordal kommune sin kulturpris for 2005.
– Det er to personar som har vore aktive spesielt her på bedehuset. Dei har halde på i lang tid og gjort slik at mange born og unge har fått vere med i mange år, eg er sikker på at både foreldre og besteforeldre av ungar som er her i dag, har vore med, sa Tøsse.
Han viste til at kulturprisen for Stordal kommune skal stimulere og inspirere til aktivt kulturarbeid i kommunen. Den kan gjevast til einskildpersonar, grupper, lag og organisasjonar, og han heng høgt. Kulturprisen har vore utdelt annakvart år sidan 1993. Det året gjekk han til Stordal skulekorps, sidan er det berre menn som har fått prisen. 1995: Ola Stavseng, 1997: Lars Øvrebust og Leif Dybdal, 1999: Sindre Helland, 2001: Svend Snerling og 2003: Einar Kåre Hove.

Berebjelkar
Tøsse kalla fram dei to damene og sa at dei to har gjort ein stor innsats i og rundt bedehuset, ein innsats som har vart i mange år.
– Når dei får prisen, er det også ei anerkjenning til resten av miljøet, som dei er ein del av. For dei fleste av oss er det spesielt i barne- og ungdomsåra at bedehuset har vore ein møteplass. Eg tenkjer på søndagsskule, tensing, barnekoret, ungdomsklubben og fredagsklubben. Desse to damene har vore berebjelkar og kulutrberarar for fleire aktivitetar, sa Tøsse.

Overraska
Marna Overøye sa i takketalen sin at ho vart svært overraska over å få besøk av ordføraren og endå meir overraska då han fortalde at ho skulle få kulturprisen, det hadde ho ikkje drøymt om. Ho sa seg både glad og takksam for at barnearbeidet vert verdsett på denne måten. Ho sette også stor pris på at dei tok utdelinga denne dagen under konserten til barnekoret. Dei to damene hadde ikkje brukt lang tid på å bestemme at midlane, 5.000 kroner, skal gå til barnekoret og at pengane kjem vel med.
Kirsti Almås sa at ho vart like forskrekka som overraska då ordføraren kom på korøvinga på onsdag med den gode nyheita.
– Eg er svært takknemleg. Eg har lyst til å nemne ei som ikkje er her, Karin Holt, ho er ei eldsjel og gjorde mykje, sa ho og la til at også Ragnhild Fauske er ei av drivkreftene bak koret.
– Utan henne hadde vi ikkje hatt barnekor no, slo ho fast.