Lamma vert borte

Det har vore store lammetap i år. Jerven er skuld i ein del av tapa.

16, november 05
Kenneth kamp
Ikkje alle var så heldige å kome heim som desse sauene på Eide.
Jerven har vore på ferde både i Stordal og Valldal i haust. Også i Eidsdal og Norddal har det vore ein del tap av lam, men det er lite som tyder på at det er rovdyr som har vore på ferde her.
På sørsida i Norddal kommune har det forsvunne meir lam enn normalt, men tapa varierer mykje frå bonde til bonde. Inger Johanne Tafjord, som er leiar av Norddal-Eidsdal Sau og Geit og av beitelaget i området, fortel at det har vore små og ingen tap på austsida av Eidsdalen, på Eide og på Indreeide. I Storås-området har tapa vore mykje større, men også her varierer dei. Petter Stenvåg har mista 40 lam (av 184) og ein sau, medan Gustav Indreeide, som har dyra på same beitet som Stenvåg, har hatt små tap. Oddrun Grønningsæter, Gudmund Relling og Martin Nystad har også hatt nokså store tap.
Det er ikkje funne noko som tyder på at jerven har vore på ferde på sørsida, og sidan Petter Stenvåg og Gustav Indreeide er så ulikt råka, trur ikkje Inger Johanne Tafjord det er noko rovdyr som har vore på ferde.

Kadaver
I Valldalen er det derimot funne fleire kadaver etter jerv, opplyser Gerd Myren Hoel, som er leiar i beitelaget her. Ho fortel at både Harald Gjedrem og Olav Bersås har funne kadaver som er tydeleg prega av jerv. Båe dei to har hatt store tap i år.
Gerd Myren Hoel har sjølv hatt store tap, og har misse 35 lam og fem sauer av totalt kring 280 dyr. Dei har ikkje funne kadaver, men har funne jervlager frå tidlegare år. Om ein skal finne noko kadaver på dei store viddene dyra går på, må ein vere svært heldig, peiker ho på. Men det har vorte funne ferske jervespor i haust, og under hjortejakta var det folk som såg sjølve jerven, seier ho.
Toralv Klokkehaug, som er landbrukssjef i Stordal og Ørskog, fortel at jerven har herja også i Stordalsfjella i år. Medan valldalingane har vore plaga av jerven i fleire år på rad no, er det ei tid sidan jerven herja i Stordal. Men i år er det fleire som har hatt store tap, mellom andre Stig Runar Nakken og Peder Stavdal Vikenes. Det har vorte funne minst to dokumenterte jervekadaver, opplyser landbrukssjefen, som kjenner til at fleire no vurderer å slutte med sauehald.
Klokkehaug trur det er fleire årsaker til jerveproblemet, og nemner mellom anna at dyra er meir utsette når dei vert tekne seint ned frå fjellet. Mellom anna er det lite folk i fjellet på seinhausten, og då vert det meir fritt fram for jerven. For å få bukt med problemet trur han at ein i større grad må sjå til og gjete sauene, og sjå til at dei vert tekne ned noko tidlegare på hausten. Mest effektivt vil det truleg vere å ta livet av jerven. Som andre rovdyr, er jerven freda, men år om anna vert det gjeve fellingsløyve, opplyser landbrukssjefen.