Om lag på den tid Friluftslivets år var innleia, tok ordførar Charles Tøsse heim 10.000 kroner for å ha vunne eit hopprenn mellom ordførarar på Skaret i Molde.
Sidan tok heile bygda fatt i å gå på tur. Det har vore sett opp ti postar med ulik vanskegrad rundt om i kommunen. Og folk har gått og gått og skrive seg inn i bøkene. Heile 16.431 gongar har folk i Stordal skrive namnet sitt i bøkene i tida frå 1. mai til 30. september.
Mest på tur
Sjekken vart overrekt som eit synleg prov på at innbyggjarane i Stordal er dei som går mest på tur i heile fylket.
På kort varsel vart det tromma saman ein god del folk til markeringa i hallen. Mange av dei som var til stades var nokre av dei ivrigaste gåarane i tillegg til ungar frå barnehagen og skulen.
Eva Spirdal-Jacobsen frå Møre og Romsdal fylke orienterte om bakgrunnen for konkurransen. Det var i samband med Friluftslivets år at Møre og Romsdal fylke saman med Forum for natur og friluftsliv arrangerte ein turkonkurranse mellom kommunane i fylket. Til saman 23 kommunar var med i konkurransen. I konkurransekriteria låg det at kommunane måtte velje ut ti turmål i kommunen der minimum tre var barnevennlege og minimum to tilgjengelege for rørslehemma. Premien skal gå til friluftsføremål.
Utifrå rapportane som er leverte inn får kommunane viser det seg at turmåla som er barnevennlege og tilpassa rørslehemma er populære.
At Stordal vart den suverent beste turgåarkommunen i 2005 er ikkje tilfeldig då kommunen har brukt mykje energi på å skape glød rundt prosjektet. I tillegg til kommnen har lag og organisasjonar i Stordal i stor grad tatt tak i utfordringa med å gjere dette til ei folkevandring, sa ho.
Takk til alle
Det var ordførar Charles Tøsse som på vegner av kommunen fekk æra av å ta mot sjekken.
Han nytta høvet til å takke alle og sa at det viser seg at turstiane er populære, og ikkje minst helsebringande. Det er også sosialt, her treff ein gjerne andre. Han har også merka seg at folk er ute og går også etter at konkurransen er over.
Tøsse sa at han vart gledeleg overraska over at Stordal stakk av med førstepremien. At pengane skal gå til friluftsføremål er sikkert, men han meinte dei skal tenkje seg nøye om når det gjeld kva dei skal brukast til.
Alle postane
Hallgeir Hove sa at han ikkje har full oversikt og statistikk på alle dei 16.431 registreringane, men han kunne presentere nokre uoffisielle tal. Ved eit seinare høve vil det verte delte ut premiar til ulike deltakarar.
Hove presenterte også turmåla og arrangementa.
Gode ord
Etter sjølve markeringa inne i hallen var det tid for kaker og kaffi i Grendasalen, der det vanka endå fleire godord.
Først ute var Ove Kaldhol, leiar i Friluftsrådet for Ålesund og omegn, der Stordal er med. Han karakteriserte Stordal som ein aktiv medlem i friluftsrådet og han sa seg svært imponert over at dei klarer å få ut så mykje folk.
Ein skulle tru at i møbelkommunen Stordal vert folk sitjande i sofaen etter arbeidstid, sa Kaldhol.
Ingolf Mork trekte fram den sterke dugnadsånda i Stordal og mintest arbeidet både med idrettshallen og å få alpinanlegget på Overøye på fote igjen etter konkursen.
Hallgeir
Palma Flåen Øvrebust syntest det var på sin plass å kome med nokre rosande ord til Hallgeir Hove.
Det er greitt nok at vi har vore flinke å gå på tur, men vi har ei inspirajosnskjelde, og det er Hallgeir Hove. Han skal ha ein stor del av æra, han har inspirert oss og stått på. Eg vil gjerne gi ei stor takk til han, sa ho.
Også Fritz Malm syntest Hallgeir Hove burde få takkens ord for sin innsats i tillegg til dei andre som har vore med på å leggje til rette for all turgåinga i Stordal. Malm sa at det er flott å sjå så mange både på sykkel og til beins, å sjå at det er fleire som likar å vere ute. Sjølv brukar han sykkelen kvar dag på arbeid.
Det er ikkje å skrive namnet sitt i boka som tel, men at du får ei god kjensle av å vere ute, då får du meir ut av dagen, sa Malm.
|