Sekretær for viltnemnda, Inge Lilleås, innleidde kort om reglane for å gjere dette. Han vise også statistikk for hjortejakta i dei ulike bygdene i kommunen siste tre åra.
Kommunen har mynde til å utvide jakttida med inntil 14 samanhengande dagar. Dette kan berre gjerast når særlege bestandsmessige grunnar ligg føre, men denne bestemmelesen skal ikkje brukast for å kompensere for dårleg ver.
Lilleås sa at det at hjorten har stått høgt i år ikkje er grunn god nok for å utvide jakttida.
I 2003 vart det felt 180 dyr, i fjor 171 og i år etter at den ordinære jakta er over, 178 dyr. Ser ein på fellingsprosenten er den høvesvis 52, 52 og 46 for dei tre åra. Grunnen til at fellingsprosenten er lågare i år er at det vart gitt fleire løyve ved tildeling.
Av dei som ikkje var til stades refererte Lilleås at nokre hadde teke kontakt og at somme var negative til å utvide jakta, medan andre var positive.
Teljing
Leiar i viltnemnda, Petter Lingaas, sa at dei var interesserte i å høyre synspunkt før dei samlast og tok stilling etter møtet. Han viste til at dei fleste har fått auka kvote i år på gunn av resultata frå teljinga i år. Han ville gjerne vite om folk hadde sett dyr og lurte på korleis det går med hjortestamma.
Vi kan ikkje vere så ivrige at vi skyt ned stamma, sa Lingaas.
Sigbjørn Døving sa at det er avkytinga som viser om det er lite eller mykje dyr, viss ikkje er det noko gale med jegerane, då hjelper det ikkje med ti nye dagar.
Gudmund Relling fortalde at siste åra har det ikkje vore så stor aktivitet i hans vald, i år skaut dei to dyr. Dei har delvis vanskeleg terreng. Det viser seg at nokre dagar etter at jakta er ferdig, kjem snøen og hjorten trekkjer ned. Relativt store mengder hjort går nær innåt husa og øydelegg både frukttre og anna.
Aksel Døving kunne også melde om store skadar både på jordbær og rundballar, han trudde det er rikeleg med dyr og meinte det kunne ha vore skote meir.
Geir Myklebust peika på at det er nesten umulig å jakte på dagtid, det meste skjer på kveldstid. Han meinte det er mindre hjort i år.
Jostein Tafjord sa seg i utgangspunktet positiv til å utvide jakta.
Men eg er bekymra dersom det kjem eit stort snøfall og dyra står fast. Då er det feil å halde fram jakta på dei, det må skje på dyra sine premissar, vi må ikkje vere for grådige, sa han.
Då blir det ikkje jakt, men slakting, kommenterte Lilleås.
Utan kalv
Per Magnus Berdal syntest det er bekymringsfullt at det er så mange koller utan kalv. Han meinte at ei utvida jakt vil øydelgge for stamma og at tala viser at det er tatt ut nok dyr.
Odd Langdal viste til at det i øvre Valldal er betrakteleg mindre dyr no, om lag ein firedel mindre enn for fire år sidan. Også her er det fleire koller utan kalv, og han var bekymra over tilveksten. Han trudde det er for mange løyve utdelt og sa at han aldri har sett så lite dyr på 15 år.
Rune Omenås sa at hos dei har det vore mykje hjort i peridar, men at dyra har trekt mot andre vald. Han viste til at dei fleste tek til med å skyte bukk fordi ikkje vil ha dei når dei er i brunst. Dei fleste vald har att berre kalv, og det synest han er feil gjort.
Inge Lilleås viste til at det er tildeling kun i tre grupper, men at folk blir oppmoda om å skyte yngre dyr. Ha meinte at om ein hadde samarbeidd litt, kunne ein avtalt meir fordelinga.
Det er enkelte som sit bak sin løevegg og passsar på som om det var den argaste russiske republikk, sa Lilleås.
Neste år
Bjørn Helge Rønneberg sa at i deira område er det eit stort fleirtal som er interesserte i år utvide jakta. Dei har ei ordning der dei får overflytta til neste år det som ikkje blir skote av kvota i år. Han viste til at det er framleis stigande hjortestamme på sørsida, og det er ikkje noko problem at dei trekkjer ned, dei står oppetter liene.
Inge Lilleås peika på at dei ville ha store fordelar av å samarbeide.
Skal ein kompensere for manglande samarbeid ved å utvide jakta, er ein komen i eit uføre, sa Lilleås.
Til det sa Rønneberg at det er ein seig materie, før eller seinare vil dei fleste sjå fordelane ved å samarbeide.
Rune Omenås åtvara nok ein gong mot å utvide jakta på grunn av at stamma minkar.
Eg trur at nokon får seg ein blåmåndag om vi utvidar jakta no, sa han.
Inge Lilleås minte om at sjølv om det blir utvida jakt, treng ein ikkje jakte. Han kom elles med eit hjartesukk som sekretær for vilnmenda i det han viste til at det er fleire vald som har skote 100 prosent for lenge sidan, men ikkje levert rapporten før absolutt i siste liten.
Eg skjønar ikkje kvifor dei sit og trykkjer på desse papira.
|
|
|