Dette er ei fin ordning for meg, det blir så mykje enklare å låne bøker, seier Inga Holtleite.
Ho er ein av brukarane som er med i den nye ordninga som blir kalla «Boka kjem».
Prosjekt
Biblioteksjef Bjørg Moltu fortel at dei ved hjelp av eksterne midlar i mai i år tok til å planlegge og førebu ei slik bibliotekteneste. Dei som jobbar i heimetenesta var villige til å vere med i prosjektet.
Heimetenesta gir informasjon om tenesta til sine brukarar og det er fleire som har meldt si interesse for å vere med på ordninga. Dei som jobbar på biblioteket, tek kontakt med dei som har meldt seg på ordninga. Dei som ønskjer det, får besøk av bibliotekaren heime, og dei får også vite om ulike former for tilrettelagt litteratur i tillegg til hjelpemiddel som lupelampe, lesestativ og liknande. Dei finn fram til bøker utifrå ønskje og interessefelt. Bøkene blir pakka på biblioteket og heimetenesta får melding. Dei tilsette i heimeteneste hentar bøkene på biblioteket og tek med seg bøkene heim til lånarane. Dei tilsette i heimetenesta tek også med seg bøkene for å levere tilbake til biblioteket.
Praktisk
Leiar for heimetenestene i Stordal, Marita Støversten, seier at det ikkje er noko problem for heimetenesta å stå for den praktiske delen. Ho fortel at dei har hatt ei runde med utlevering til dei som har meldt seg på og tilbakemeldingane frå brukarane er eintydig positive, det er mange som ikkje har høve til å kome seg til biblioteket på eiga hand. Det er ikkje heller ikkje noko ekstra arbeid for dei i heimetenesta, dei tek med seg bøkene når dei skal dit likevel.
Marita, som likar godt å lese sjølv, legg til at det er ekstra kjekt å kunne snakke om bøker når dei er heime hos folk.
Både ho og Bjørg peikar på at det også er andre som kan vere interesserte i å vere med på ordninga, sjølv om dei ikkje tek imot heimetenester. Dei som ønskjer å verte brukar av ”Boka kjem”, kan anten ta kontakt med heimetenesta eller med biblioteket.
Olavs datter
Inga Holtleite som rundar 93 år i januar, fortel at ho alltid har vore glad i å lese, og at ho likar best forteljingsbøker. No er det serien Olavs datter som er populær, ho skal til på bok nummer 22 i denne serien. Ho finn mange bøker på biblioteket som ho likar, ikkje minst slektsromanar.
Ei anna serie ho er interesseret i er «Sønnavind», som handlar om arbeidarmiljøet rundt Akerselva i Oslo for hundre år sidan.
Ja, korleis det var før, det var ikkje mykje å få for arbeidet og ikkje mykje å leve av. Dei måtte bu ei heil familie på eitt rom, fortel Inga. Marita, som har kome ei bok lenger, fortel at det gjekk bra med eine dottera, men ho er redd for å røpe for Inga som ikkje har lese denne boka enno, men synest det er fole spennande og gler seg til å begynne på ho.
Inga synest desse bøkene utan innbinding er kjekkare med tanke på at ho brukar å lese på senga når ho ikkje får sove, dei er ikkje så tunge.
Det er mykje selskap i ei god bok, seier ho.
Trivsel
Biblioteksjef Bjørg Molt seier at denne ordninga kan ha mykje å seie for livskvalitet og trivsel i kvardagen. Gjennom bøker får ein nye impulsar, ny kunnskap og nye tankar. For den som har vore lesar heile livet, er det viktig at forholda vert lagde til rette slik at ein framleis har tilgang på litteratur.
Biblioteket har mange eldre brukarar, og for somme er turen til biblioteket ei kraftprøve som dei utfører på gode dagar. Ho synest det er viktig å kunne fange opp desse før dei fell frå som brukarar. Biblioteket har også mange brukarar som vinterstid har vanskar med å oppsøkje biblioteket, og brukarar som i periodar med sjukdom eller skade har vore hindra frå å oppsøkje biblioteket.
Dette er eit prøveprosjekt og eg ser det som svært viktig at dette tilbodet vert vidareført og at det vert gjort kjent også for andre enn dei som er brukarar av heimetenesta.
|
|
|