Yter for lite til fellesskapet

Norddal Reiselivslaget har ikkje økonomi til å spytte inn meir enn 100.000 kroner i Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen (DGT). Det betyr at næringa i Stranda yter nesten seks gongar så mykje. – Det er ikkje eit reelt bilde av forholdet, sa styreleiar i DGT Inge Gjærde då han innleidde til debatt på eit møte onsdag i førre veke.

30. november 05
Randi Flø
Frå venstre: Inge Hole, Ove Skylstad, Geir Gjærde og Inge Gjærde.
Det er lagt til grunn av Norddal Reiselivslag som den eine av fire aksjonærar skal betale inn 180.000 kroner i året.
– Den fordelinga vurderer styret som grei sjølv om aksjar og styrerepresentasjon er lik for alle, sa Gjærde og la til at dei ber ikkje om meir pengar, men at dei får problem dersom eigarane ikkje følgjer opp. Økonomiske problem kan lett føre til rusk i samarbeidsmaskineriet.
Destinasjonsselskapet er eit aksjeselskap med fire aksjonærar, to av dei er kommunane Strand aog Norddal i tillegg til Norddal Reiselivslag og næringslaget i Geiranger og Stranda. Norddal kommune yter 800.000 kroner i året, ein del på 24 prosent, Stranda kommune står fro 1,2 millionar kroner, 35 prosent. Næringslivet i Stranda og Geiranger betaler 570.000 kroner, som er 17 prosent. Om reiselivslaget i Norddal hadde betalt 180.000 kroner i året ville det utgjere 5 prosent tilskot til den ordinære drifta.
– Området blir marknadsført som eitt reisemål. Geirangerfjorden med omland representerer det totale reiselivsproduktet. Å utgjere ein eigen destinasjon vitnar om denne posisjonen, sa Gjærde og viste til at posisjonen til området vert styrkt både sett i samband med verdsarvstatusen og pilotprosjektet for geoturisme.
Han sa at dersom det skeive forholdet blir ståande kan det få konsekvensar for dei andre eigarane sitt bidrag eller setje samarbeidet i fare.
Han hadde forstått det slik at på grunn av sviktande medlemsoppslutning er smertegrensa for medlemskontingenten i Norddal Reiselivslag nådd. Han hadde også fanga opp kritikk mot DGT sin marknadsføringsprofil, som har vore meir internasjonalt retta og Geiranger-fokusert. I tillegg hadde han registrert generell misnøye med at reiselivet i Norddal får for lite att for medlemskapet i DGT.
– Dette er kritikk vi tek alvorleg. Marknadsføringsprofilen blir fastlagt gjennom ein strategiplan, og er knapt to år gammal. Det er eit klart behov for å gå gjennom planen og gjere endringar. Nye målgrupper av turistar gjer at vi må vurdere også andre kanalar. I denne prosessen kan vi ikkje sitje på toppen og leggje opp strategien. Vi har ikkje vore flinke nok til å lytte til gode råd, det er eit spørsmål korleis vi skal få betre kontakt med den einskilde. Men det kritikkverdige blir ikkje retta opp ved å svekke økonomien eller medlemsmassen. Det kan påverke kursen vidare, sa Gjærde.
Han viste til at det har vore diskutert å opne for andre aksjonærar, til dømes andre reiselivsaktørar som Fjord1 eller busselskap.
– Samanslåing med andre destinasjonsselskap er heilt uaktuelt, men det er nødvendig med samarbeid både med Ålesund og Nordfjord og ikkje minst Rauma. Skal vi lykkast, må alle aktørar samarbeide og vi må stå saman, avslutta Gjærde sitt innlegg.

Medlemmene sviktar
Anders Jørgen Gjerde la fram situasjonen til Norddal Reiselivslag gjennom dei siste åra. Medlemstalet har gått ned frå 49 i 2004 til 38 i år. Ein vervekampanje resulterte i fem nye medlemmer. Reiselivslaget har auka kontingenten med 20 prosent og fått inn 97.000 kroner i år.
– Hovudproblemet er at vi har for få medlemmer, det er også grunnen til dette møtet. Vi vil gjerne lufte framtida til reiselivslaget. Kvifor betaler ikkje medlemmene? Kvifor får vi ikkje nye medlemmer? spurde Gjerde.
Arne Sandnes sa at dersom det er dette som er problemet for 2005, kan kommunen vurdere å gå inn i eit spleiselag med reiselivslaget under føresetnad av at det blir ei løysing til neste år. Han peika på at kjernespørsmålet er kvifor reiselivslaget har hatt eit fråfall på 20 prosent av medlemsmassen.

Må utnytte
Leiar i Hellesylt næringslag, Inge Hole, fortalde forsamlinga om korleis dei hadde jobba der. Han sa at dei sat på Hellesylt og lurte om det var fornuftig å gå inn i DGT, ikkje minst med tanke på at Geiranger er så sterk. Konklusjonen deira var at dette må dei utnytte. Etter hard jobbing og bevisstgjering har dei no 25 medlemmer, som utgjer 96 prosent av alle bedrifter i bygda. Dei betaler inn 118.000 kroner i året, det er både små og store bedrifter som er med.
– Stort sett alle som driv næring i destinasjonsområdet har litt inntekt av turisme. Samarbeid er løysinga på mange av problema. Vi har fått til eit samhald på Hellesylt som er unikt, vi utnyttar og utfyller kvarandre, og det gir eit sterkare mangfald, sa Hole og viste til at dei har ei stor utfordring i å få til djupvasskai.
Dei har vorte samde innan laget kor mykje den einskilde skal betale. Det er bedrifter som betaler 18.000 kroner i medlemskontingent og dei minste betaler ned i 650 kroner. Sjølv driv han ein bensinstasjon og yter 5.000 kroner i året i medlemskontingent.
– Det er viktig å få med alle og at alle er fornøgde og få folk til å forstå at vi gjerne vil ha dei med i eit fellesskap i staden for at dei skal vere gratispassasjerar.
– Vi ser at det arbeidet destinasjonsselskapet gjer er viktig, og at vi må ha samarbeid. Det er så lett å snakke om eg og meg i staden for vi og oss, sa Hole.

Folketal
Viktor Valdal sa at etter folketal betaler Norddal mest. Han viste til at det siste åra har vore teke opp ein del negative forhold rundt DGT, då tenkte han på for lite satsing på nærturisme og arbeidsfordelinga mellom dei to tilsette. Han etterlyste eit planlagt kart der også Trollstigen er med.
Signe Brenna sa at dei betaler 3.000 kroner i året for å vere med og det ser ho på som ei sjølvfølgje. Ho sa at det er behov for ein ny strategiplan og gjerne eit nytt kart, men då trengs det pengar.
Martin Nystad som representerer The Happy End i Norddal sa at dei ikkje har vore medlem og at ein av grunnane er at dei har ei bygdehjarte, kommunehjartet er ikkje så stort, han hadde meir tru på å heller byggje opp rundt kvart bygdelag. Han tok til orde for å legge opp til ein ny organisasjonsmodell i DGT.
Ragnar Lødøen viste til at det på Hellesylt er lokalt engasjement frå dei som sit i spissen. Han meinte Ove Skylstad heller burde gå ut og spørje medlemmene i reiselivslaget kva han kan gjere for dei. Dessutan trudde han at det må tenkjast i retning av større destinasjonar, gjerne saman med Ålesund, Nordfjord og Romsdal.
Petter Melchor meinte at Norddal Reiselivslag ikkje trengs dersom dei organiserer seg i kvar si grend.
– I Norddal kommune er vi meir opptekne av at vi ikkje skal gi. I Dalsbygda har vi gitt mykje, men det er ingen i DGT som har teke kontakt med oss. Fylket kanaliserer midlar gjennom næringshagen. Næringshagen burde vore meir oppteken av dei som allereie er i gang og vil ha hjelp i staden for å finne på noko nytt.

Flaut
Nils Jarle Hjelme var opptrekt av nivået på den debatten som kom i gang denne kvelden. Han syntest det var flaut på næringa sine vegner.
– Vi hengjer oss opp i at Geir er storkjefta og at Ove ikkje jobbar for ferja og vi toler ikkje Stranda. Nokre synest at DGT er for lite og vil ha noko større og heller vere medlem der. I dag er situasjonen slik den er, vi har ikkje noko større, vi må begynne å jobbe der vi er, elles går det berre att og ned, eg er oppgitt over at det er så mange som ikkje ser lenger enn seg sjølv og knapt nok det, sa Hjelme.
Merete Løvoll Rønneberg skulle ønskje folk kunne stå meir samla og ho lurte på kva organisasjon som jobbar for dei som ikkje er medlem. Å stå som medlem og vere misfornøgd er betre enn å jobbe imot. Ein må køyre diskusjonen der han høyrer heime.
– Norddal kommune sit med akkurat like mange styrerepresentantar og kjem i etterkant og sutrar, for slikt har ein seg sjølv å takke, sa ho.
Unn Linge Valdal sa at ho hadde stor forståing for at DGTframleis er ein ung organisasjon og meinte at det er stort potensial for forbetring både innan reiselivslaget og DGT. Ho etterlyste referat frå styremøta i DGT.
Agniezka Jemtegård meinte folk ikkje berre skulle skulde på Ove, han har hjelpt reiselivslaget.
Inge Gjærde sa avslutningsvis at marknadsføringsprofilen har vore ein prosess og at det ikkje har vore registrert nokon dissens i styret. Han sa at dei skal bli betre på oppfølgjing av bedrifter. Kartet som det hadde vore snakk om i debatten kostar 50.000 kroner og Gjærde sa at ein ikkje kan kome med ønskje når ein ikkje vil betale inn pengar.
Geir Gjærde peika på verdien av destinasjonsselskapet og at det gir ringverknader til andre typer bedrifter. Han spurde om det er slik at nokon skal betale medan andre skal halde fram å haike. Han viste til eit nytt booking-system som kan gi uante muligheiter for medlemmene, men økonomien gjer det vanskeleg å kome i mål. – Vi er ikkje i den situasjon at vi kan velje kva slag turistar vi vil ha, sa han.