| 62 Nord Cruises AS er eit reiselivsselskap med Spilka Invest som hovudaksjonær. Dei har under bygging ein heilt ny, hutiggåande katamaran som skal vere ferdig i midten av juni neste år. Båten skal ha høg standard, god uteplass, god utsikt innanfrå og skal sertifiserast for 97 passasjerar. Båten vert tilrettelagt for catering, koldtbord og enkel servering, noko som blir ein naturleg del av tilbodet.
Konsesjon
Dagleg leiar Rune Midtkandal fortel at dei no har søkt konsesojn for ei rute som skal gå to rundturar mellom Geirnager og Tafjord med faste stopp på Hellesylt, Stranda, Dyrkorn, Norddal, Eidsdal og Valldal. I tillegg vil det på bestilling bli stoppa ved fjellgardane langs ruta. Planen er å starte ruta 1. juli og halde på ut august 2006 som ein prøvesesong. Om dette teiknar til å bli vellykka, vil dei tenkje langsiktig og strekkje sesongen i begge endar etter kvart.
Vi kjenner oss trygge på at dette vil gi svært gode ringverknader i bygdene langs fjorden, og turistane vil få oppleve noko rotekte, traust, spennande og skikkeleg på alle måtar, seier Midtkandal.
Samarbeid
Han seier at båtturen vil bli ei oppleving i seg sjølv, men turistane vil vente noko meir enn berre ein tur på fjorden. Derfor er dei no ute etter å knyte til seg samarbeidspartnarar som kan hjelpe til å sikre det langsiktige i satsinga i form av aktivitetstilbod langs ruta som til dømes guida fjellturar med fisking, lokal mat for servering ombord og på stoppestadene, historier og omvising, bading, rafting og mykje anna som kan vere aktuelt.
Midtkandal seier det no går litt fort i svingane, men at det er tvingande nødvendig for å kunne ha eit skikkeleg og gjennomarbeidd opplegg klart før sommaren 2006. Derfor inviterer dei til allmøte på Muritunet førstkomande fredag, der dei håper på godt oppmøte. Her vil dei informere om prosjektet. Når det er over, vil representantar frå 62 Nord bli igjen for å møte interesserte samarbeidspartnarar over bordet.
Informert
Representantar for båtplanane var i Valldal i førre veke for å informere politikarar og andre om planane.
Ordførar Arne Sandnes ser svært positivt på dette og seier at her er det store muligheiter på landsida. Han synest det er flott av dei no inviterere folk frå alle bygdelag til samarbeid. Sandnes ser ikkje dette som ein konkurrent til turistferja, men som eit ekstra tilbod, og at for MRF bør det vere ei skikkeleg utfordring.
|
|
|