| Dei to lovande musikarane får tildelt 2.000 kroner kvar, i tillegg til flott diplom. Utdelinga vil finne stad under årsfest for Stordalshallen 18. mars.
Barnekoret først
Både 12 år gamle Kristina Malene og 13 år gamle Kristofer Olai tok til i barnekoret Unge Røyster i fire-fem-årsalderen. Frå seks- og sju-årsalderen har dei tatt musikkundervisning på fleire instrument. Kristina Malene starta med fiolinspeling først og tok deretter til med piano som bi-instrument. Fiolin har vore, og ser ut til å bli hovudinstrument for hennar del. Kristofer Olai tok til med piano- og saxofonundervisning om lag samtidig, og som ni-åring byrja han å spele cello med Eero Voitek som læremeister. For tida er det cellisten Samuel Skrede som underviser han. I dag er cello hovudinstrument, men pianotimar og saxofonspeling i Stordal skulekorps høyrer framleis med.
Sidan oppstarten på musikkundervisninga har begge to reist til Ålesund fast ein dag i veka i skuleåret for å ta speletimar, privat og gjennom Stordal musikkskule. All undervisninga på strykeinstrument og piano blir tatt på same vekedagen etter skuleslutt. Same dag blir avslutta med to timars fast øving i strykeorkesteret Indre Strøk under leiing av dirigent og fiolinist Ove Kvangarsnes. Han har elles vore fast fiolinlærar for Kristina Malene i alle år bortsett frå det første.
Det årlege strykeorkesterkurset som blir halde på Borg Folkehøgskule, med framståande, profesjonelle musikarar som instruktørar og med deltakarar frå heile landet, har vore eit populært og inspirerande innslag i fleire år.
Begge to har vore med på mange konsertar med orkesteret Indre Strøk, både her i distriktet og i Oslo. Eit høgdepunkt for orkesteret dei seinare åra kan utanlandsturen i 2004 seiast å vere. Her fekk orkesteret høve til å opptre i byar som Praha, Budapest, Balaton og Salzburg, sjølve fødebyen til Mozart.
Både Kristina Malene og Kristofer Olai byrja tidleg å opptre som solistar. For å ta eitt eksempel kan ein her nemne Vivaldi sin fiolinkonsert, Hausten, frå Dei fire årstidene, som i september, 2005 vart framført av Indre Strøk med Kristina Malene som solist, både her i Stordal og andre stader i distriktet.
|
|
|