God interesse for lokale varer

Den fellesånda som Happy End-konseptet har skapt hos dei ulike småprodusentane i Dalsbygda, er så unik at dei både får invitasjonar frå og besøk av folk frå andre bygder som vil lære.

14. desember 05
Knut Hvalstad
Nina penille Grønningsæter sel kaker og bakverk.
Den beste staden å oppleve det dei har fått til er eit besøk i bygda ein av dei dagane i året der dei samlast på Petrines for å by fram produkta sine.
Dei som vitja bygda sist laurdag, kunne dessutan få med seg både kyrkjekonsert på ettermiddagen og julebord om kvelden.
Eit voldsomt snøfall gjorde at julemessa i fjor vart heller dårleg besøkt. Gråver og til dels glatte vegar såg ikkje ut til å halde folk heime i år. Det var godt med folk heile føremiddagen, og dei fleste handla mykje. Så var det då også bydd fram mykje «stasmat» som ein likevel skal handle inn no til jul.

Julebakst
Nina Grønningsæter som driv eiga bakeverksemd heime i kjellaren, fortel at mange vel å kjøpe dei «vanskelegaste» julekakesortane hos henne. Mange kjøper også julekonfekten hos henne, som sjølvsagt er fylt med lokale råvarer, mellom anna bringebær og honning.
Ein av storblåsarane for Happy End-prosjektet, Petter Melchior, kunne i år by på fleire nye kjøtprodukt. Ein av grunnane til det er at dei har byrja eit samarbeid med Stranda videregåande skule, mellom anna når det gjeld foredling.
Dette samarbeidet ser han store muligheiter i, det, i tillegg til verdsarvstatusen og eventuelle båtanløp til sommaren.
– Å auke salet er framleis ei hovudutfordring, utan at det går ut over særpreg og kvalitet, seier han