Spennande kyrkjebesøk

Sist torsdag og fredag var fire- og fem-åringane ved Andershaugen barnehage bedne på besøk til Stordal kyrkje. Her fekk dei både sjå og vere med å spele ulike roller i ei dramatisering av juleevangeliet.

14. desember 05
Knut Hvalstad
Dramatisering av juleevangeliet.
Ved å ta i bruk store delar av kyrkjerommet, kostymar, song og musikk hadde kateket Svanild Hegerberg regissert ei historisk reise for ungane.
19 ungar og tre tilsette vart torsdag tatt imot i kyrkja av Keisar Augustus, spelt av kyrkjetenar Jan Olav Hesthaug. Etter å ha skrive ungane inn i manntall og gitt dei ulike roller, tok han dei med på ei runde i kyrkja der det var innlagt handlingar knytte opp til historieforteljinga. Mellom anna fekk dei møte engelen Gabriel, spelt av organist Larissa Mikkelsen,som delte ut engledrakter og levande lys til dei som ville ha det.

Dei song kjende julesongar, nokre akkompagnert av piano.
Heile seansen enda opp ved krybba og Jesusbarnet som var plassert inne i altarringen.

– Ei liknande tilstelling har vorte ein førjulstradisjon i Ørskog, fortel barnehageassistent Mariann Vidhammer. – Så når vi i år fekk innbyding frå sokneprest Nils Beite, fann vi det interessant å prøve det her og.
– Kjempekjekt, seier ein annan tilsett ved barnehagen, Anna Stemland. – Dette kan det godt vere vi prøver også neste år.