Lettare tilgjenge på nett

I morgon, torsdag 20. desember, blir Stordalsportalen open for alle. Frå same dag lanserer Stordal kommune sine nye heimesider.

21. desember 05
Randi Flø
Tre av dei som står bak Stordalsportalen, Einar Hove, John Kristian Hjelle og Jarle Hove, gir oss ei innføring i fleire sider ved denne nettportalen som har adresse stordalsportalen.no.
Landbruket
Jarle Hove fortel at Stordal bondelag tok til å planleggje korleis ikkje berre landbruket, men også heile spekteret av ressursar som ligg til landbrukseigedommane kunne synleggjerast best mulig. Dette gjeld ressursar som laksefiske, hytteområde, jakt og anna. Dei meinte at informasjonssider på internett er vegen å gå.
Hove ser på Stordalsportalen som ein framtidsretta informasjonsportal som femner om store mengder informasjon i ein eigen database.
– Dette har vore eit samarbeidsprosjekt mykje større enn det vi hadde trudd då vi tok til med dette arbeidet, seier Hove.

Kombinasjon
Han legg til at det kom meir og meir fram etter kvart som dei jobba med portalen at det å kombinerer ideelle lag og organisasjonar med næringsretta tiltak gir større sjanse til å lykkast.
– Med Stordalsportalen vil vi synleggjere verdien av vassdrag, natur og friluftsliv generelt, kulturlandskapet, jakt og fiske spesielt, seier Jarle Hove og legg til at dei såg at her opna det seg muligheiter for alle småaktørar som har gode produkt, men har mindre høve til å marknadsføre seg effektivt.
– Det vesentlege her er synergieffekten og at mangfaldet av små næringslivsaktørar frå heile næringslivet blir presenterte i portalen. Utviklinga i arbeidet vårt viser at dette kan bli ein god og rimeleg marknadsføringsplass for alle små næringsdrivande i området, seier Hove.

Stegvis
Ein av pådrivarane bak Stordalsporalen, Einar J. Hove, er også sentral i Stordal Sogelag og Øvre Stordal, to organisasjonar som er mellom initiativtakarane til Stordalsportalen.
Han seier at dei måtte gå stegvis fram. Dette er eit arbeid som har krevd stor dugnadsinnsats. Dei har fått med kommunen på å løyve noko pengar frå næringsfondet, og ein vesentleg del av finansieringa ligg i dugnadsinnsatsen.

Prinsipp
Mellom dei grunnleggande prinsippa for Stordalsportalen er at det skal vere ein positiv presentasjon på internett av Stordalssamfunnet, det skal i utgangspunktet femne om alt som dei vil presentere av positiv informasjon frå området.
Med Stordalssamfunnet meiner dei dei geografiske områda Nedre Stordal, Dyrkorn, Øvre Stordal, Langsæterområdet og Bortomfjorden. Innunder det kjem alt næringsliv, kultur, hisorie, friluftsliv, idrett, tiltak, aktivitetar, arrangement og opplevingar.
Men Hove legg til at dette treng ikkje vere ein stad berre for Stordal. Dei er opne for å sjå om andre også kan vere med.
– Vi er så små her på indre at vi lyt tenkje litt breiare, seier han.
Spesielt nyttig kan det vere innan lokalturisme, der alle tilbod vil vere med å supplere kvarandre uansett kommunegrenser.

Levande
Stordalsportalen er bygd opp på eit desentralisert oppdaterings- og driftsopplegg gjennom flest mulige område.
Det viser seg at det ofte blir ei svakheit når små verksemder etablerer sine eigne heimesider at dei ikkje blir oppdaterte. Stordalsportalen kan tilby heimesider som ligg under systemet, slik at både etablering og drifting kan gjerast så skikkeleg og enkelt at folk klarer å halde dei oppdaterte sjølve. Ei lita bedrift kan til dømes heile tida legge inn informasjon på si eiga side.
Einar Hove fortel at dei har vore i kontakt med landbruksavdelinga i Fylket med håp om å få midlar til kursing og vidare arbeid. Det er meininga å kurse folk i løpet av januar, februar og mars. For dei som er med på desse kursa vil det etter kvart bli etablert fleire infosider og interne heimesider. Når folk får opplæring, vil dei lettare kome i gang og jobbe for eiga maskin.
Dette er eit samarbeid på tvers av næringane i bygda. Ideelle organisasjonar knytte opp mot næring meiner dei skal gi ein slagkraftig nettstad.

Aksjeselskap
Dei inviterer til å vere med på ei formell etableringa av eit aksjeselskap, som dei har funne ut er det meste praktiske. Dei meiner det er vesentleg at alle aktørar kjenner ei form for deleigarskap og er med og yter sin del av informasjonen.
Dei seier at det er langt rimelegare å vere med i Stordalsportalen enn å etablere si eiga heimeside. Eit alternativ for somme er å ha ei infoside liggande inne med eventuell link til eiga heimeside.

Mykje informasjon
John Kristian Hjelle tek oss med på ei lita rundreise i Stordalsportalen. Her er det lett å finne fram. Stordal Sogelag er nok den som har størst mengde informasjon liggande til no. Her er det verkeleg mykje interessant å leite seg fram i.
Det meste er tilrettelagt for utskrift, slik at du slepp å få med deg alt som står på skjermen dersom du skulle like å ha utskrift av noko.
Eit anna tiltak som sikkert vert populært, er bruktmarknaden, som er gratis å bruke.

Kommunen
I morgon vil det også bli mulig å sjå dei nye heimesidene til Stordal kommune, som er lovde opp og gå før jul.
Rådmann Leif Kirkebøe kallar det som no er oppe for det første reisverket. Meir stoff vil kome etter kvart. Gjennom dei nye sidene vil dei ha fokus på dialog med innbyggjarane og informere om kommunale tenester.
Han seier at dei kommunale heimesidene saman med Stordalsportalen vil utfylle kvarandre. Målsettinga for begge er å vidareutvikle stordalssamfunnet.