Med menneskekroppen som lerret

Torbjørn Storås er kunsthandverkar med sitt daglege virke som tatovør hos bedrifta Leading Light i Bergen. Her har han lukkast i å gjere den kunstneriske interessa si til eit levebrød.

21. desember 05
Silje Tafjord
Torbjørn Storås i arbeid.
Torbjørn Storås har alltid vore interessert i kunst, og han har utdanning innan reklameillustrasjon og design, samt frå Kunstskulen i Bergen. Men han hadde ikkje lyst til å bli kunstnar på tradisjonelt vis, samstundes som han hadde eit sterkt ønskje om å få bruke kunsten i det daglege arbeidet sitt.
– Eg har alltid vore interessert i tatovering og sett på det som ei spennande uttrykksform. Og tilfeldigvis fekk eg høve til å få innpass i faget gjennom ein læreplass her hos Leading Light. Det er svært få slike læreplassar i Norge, og mange som gjerne vil ha desse, så då var det berre for meg å gripe sjansen når han baud seg, seier Torbjørn Storås.
Det finst inga formell utdanning eller læreplan for tatoveringsfaget. Opplæring og vidareføring av faget skjer på tradisjonelt vis, frå ein handverkar til den neste. Ein startar med å ha læreplass hjå ein erfaren tatovør, der ein gradvis får lære seg faget. Etter kvart som ein får opplæring får ein og prøve litt sjølv, og viser det seg at ein har det rette handlaget, er det berre å satse vidare på faget. Utøvarane av faget er samla i ei eiga nasjonal foreining, og den stiller svært strenge krav til rett fagleg utøving og til tryggleik og hygiene. Dette er strenge krav som utøvarane har pålagt seg sjølve, og dei kjem i tillegg til dei krava som dei norske helsestyresmaktene stiller til alle utøvarar av tatovering i Norge.

Trygt
Torbjørn Storås seier at det skal vere trygt å ta tatovering i dag. Oppsøkjer du ein tatovør, så bør du sjå etter godkjenninga frå helsestyresmaktene, denne skal henge på veggen hos alle seriøse tatoveringsbedrifter. Elles er det viktig å leggje merke til om reinhaldet og ordenen er god. Som kunde har du og krav på å få sjå steriliseringsutstyret som vil bli brukt. Det er og lurt å be om referansar og å sjå på bilete av tidlegare jobbar som tatovøren har gjort. Generelt sett er både lovverket og utstyret knytt til tatovering i dag, så godt at det er svært sjeldan at ein opplever komplikasjonar. Strenge krav om sterilisering av utstyr og til framstilling av tatoveringsblekk gjer at risikoen for smitte eller allergiar er særs liten.

Enorm industri
– Kvifor trur du at folk tek tatoveringar?
– Det er sjølvsagt individuelle grunnar til det. Tatovering har vorte ein enorm industri, og det er nok ein del som tek tatovering fordi det er trendy. Andre har tenkt meir grundig gjennom det og har ei genuin interesse for tatoveringar. Å bestemme seg for å ta ei tatovering er ei stor beslutning. Det inneber at ein endrar utsjånaden sin, og det er vanskeleg å få tatoveringa fjerna om ein skulle angre på den i ettertid. Samstundes er ei tatovering noko svært personleg. Den er noko som du vil ha med deg resten av livet, som ikkje kan mistast eller stelast frå deg, seier han.

Spesiell oppleving
– Også sjølve påføringa er noko som dei fleste vil hugse for resten av livet, seier Torbjørn. Han skildrar dette som ei spesiell oppleving.
– Sjølvsagt er det mange som hugsar smerten, for det er ikkje til å stikke under ein stol at det gjer litt vondt. Men dei fleste har og gode minner om det valet dei har gjort og den dagen då dei gjennomførte det. Ofte kan ei tatovering representere eit vendepunkt eller ein milepæl i livet til ein person.
– Møter du ofte personar som angrar på at dei har tatt tatovering?
– Nei, det er svært sjeldan. Men merkar eg at kunden min er usikker eller nølande, då ber eg han alltid tenkje seg godt om. Det er betre å sende han heim og gje han eit par dagars tenkjepause, enn at han skal ta ei avgjerd som han vil angre på.
Torbjørn Storås fortel vidare at han derimot ofte møter kundar som angrar på at dei ikkje tok ei større tatovering første gongen. Men då kan han heldigvis hjelpe dei med anten å utvide den tatoveringa dei har, eller ved å ta nye tatoveringar andre stader på kroppen.

Motiv
– Korleis kjem kundane fram til kva motiv dei vil ha?
– Vi har såkalla flash som vi viser til kundane. Dette er ferdige teikningar av ulike motiv. I samtale med kunden kan ein så justere og tilpasse motiva til kvar einskild kunde. Det blir nesten alltid teikna om og justert litt på motiva, då det både skal ha eit personleg preg og det må tilpassast den staden på kroppen det skal tatoverast på. Når vi er nøgde med motivet slik det er teikna på papiret, teiknar vi det på kroppen med tusj for å få eit meir reelt inntrykk av korleis det ferdige resultatet vil bli. Ofte ser ein då ytterlegare detaljar som kan endrast, og vi teiknar då om motivet nok ein gong. Når både kunde og tatovør er fornøgde med motivet er ein klar for ”the real thing”.
Når det gjeld store motiv, er det avgjerande at linjene følgjer kroppen. Om dei ikkje gjer det, vil arbeidet kunne sjå skeivt og malplassert ut. I desse tilfella brukar han som regele å teikne motivet på med ein type spesialtusj, ein teknikk som blir kalla freehand. I andre tilfelle, når motiva er mindre og kanskje ikkje slyngar seg om kroppen i same grad, er det mest vanleg å bruke stensilar eller blåpapir.
– Teiknar du nye motiv sjølv?
– Ja absolutt, som tatovør vil ein helst lage motiva heilt frå grunnen av sjølv. Ekstra kjekt er det om ein får teikne og tatovere litt større motiv. Nokre kundar har med seg eigne utkast til motiv, og desse er det og moro å arbeide med. Då kan tatovør og kunde saman bruke sin kreativitet og kunstneriske evner til å skape unike og personlege motiv. Ein annan ting som gjev mykje glede er å kunne teikne om og endre på tatoveringar som folk har angra på eller er misfornøgde med. Å hjelpe desse kundane til ei ny tatovering som dei er nøgde med gjev meg ekstra glede i arbeidet mitt.

Endrar seg
– Kva motiv er mest populære i dag?
– Motiva endrar seg heile tida i ein kontinuerleg utviklingsprosess. Mest vanleg er små motiv som til dømes ei rose. Og lenge har svarte design, såkalla tribals, vore svært populære. Framleis er desse motiva mykje etterspurde blant kundar frå distrikta. Motiv med meir fargar og litt sprekare design er det dei spesielt interesserte og kunstorienterte kundane som etterspør. Ute i Europa og i USA er dei meir tradisjonelle motiva som til dømes anker og seglskuter no blitt trendy igjen.
– Eg vil gjerne og ta med at det er nokre motiv eg nektar å utføre, seier Torbjørn.
– Dette er sjølvsagt alle typar symbol eller motiv som kan setjast i samband med rasisme eller nazisme. Vil kunden ha utført slike motiv, må han finne seg ein annan tatovør. Og eg tatoverer heller ikkje namnet på kundens kjæraste, for dessverre så er det no ein gong slik at tatoveringa kan kome til å vare så mykje lenger enn kjærasten.
– Kven er kundane dine?
– Vi har 18-årsaldersgrense og legitimasjonsplikt på tatovering, så kundane er i aldersgruppa frå 18 til 70 år. Det er heilt vanlege folk, nokolunde likt fordelt på kvinner og menn. Det er vanskeleg å skildre ein typisk kunde fordi han finst ikkje. Kundane er alt frå studentar til velståande forretningsfolk, ingen er like og alle er unike.
– Til slutt, kva gjev det deg som person å kunne ha tatovering som yrke?
– Eg har fått meg eit levebrød der eg får bruke kreativiteten min. Det å kunne utvikle seg heile tida, å ikkje stagnere, er viktig. Og som tatovør så får du gjere noko for andre. Kanskje oppfyller du ein draum kunden har hatt i lang tid, og du hjelper kunden gjennom ei viktig avgjerd i livet. Når kunden går ut herifrå med rak rygg og eit smil om munnen, då veit eg at eg har gjort ein god jobb. Kan eg ha fornøgde kundar kvar dag og samstundes leve av kunsten min, då tykkjer eg sjølv at eg har fått meg eit fint yrke, avsluttar Torbjørn Storås.