Storfjordnytt
Nr. 48 onsdag 21. desember
Med menneskekroppen som lerret
Torbjørn Storås er kunsthandverkar med sitt daglege virke som tatovør hos bedrifta Leading Light i Bergen. Her har han lukkast i å gjere den kunstneriske interessa si til eit levebrød. Les meir
Lettare tilgjenge på nett
I morgon, torsdag 20. desember, blir Stordalsportalen open for alle. Frå same dag lanserer Stordal kommune sine nye heimesider.Les meir
Storfjordnytt
Nr. 47 onsdag 14. desember
Spennande kyrkjebesøk
Sist torsdag og fredag var fire- og fem-åringane ved Andershaugen barnehage bedne på besøk til Stordal kyrkje. Her fekk dei både sjå og vere med å spele ulike roller i ei dramatisering av juleevangeliet. Les meir
God interesse for lokale varer
Den fellesånda som Happy End-konseptet har skapt hos dei ulike småprodusentane i Dalsbygda, er så unik at dei både får invitasjonar frå og besøk av folk frå andre bygder som vil lære.Les meir
Storfjordnytt
Nr. 46 onsdag 7. desember
Spennande fjordplanar
Det er moro at private aktørar ser eit forretningspotensiale i området, seier ordførar Arne Sandnes. 62 Nord Cruises søkjer konsesjon om ei båtrute som skal gå to rundturar dagleg mellom Geirnager og Tafjord. Les meir
Kulturstipend til søskenpar
Eg har har gleda av å melde at Stordal kommune sitt kulturstipend 2005 går til Kristina Malene Stavseng og Kristofer Olai Stavseng, seier Hallgeir Hove. I vedtaket frå formannskapet heiter det: “Stipendet vert tildelt med bakgrunn i deira talent og seriøse satsing innan klassisk musikk.”Les meir
Storfjordnytt
Nr. 45 onsdag 30. november
Boka kjem til den som vil
Eldre, sjuke og uføre som ikkje kjem seg til biblioteket sjølv, kan no få bøker heim til seg i Stordal. Les meir
Yter for lite til fellesskapet
Norddal Reiselivslaget har ikkje økonomi til å spytte inn meir enn 100.000 kroner i Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen (DGT). Det betyr at næringa i Stranda yter nesten seks gongar så mykje. Det er ikkje eit reelt bilde av forholdet, sa styreleiar i DGT Inge Gjærde då han innleidde til debatt på eit møte onsdag i førre veke.Les meir
Storfjordnytt
Nr. 44 onsdag 23. november
Stordal aller best på tur
Med meir enn dobbelt så mange turar per innbyggjar enn Rindal på andreplass, tok Stordal ein desidert førsteplass i samband med Friluftslivets år. Sjekken på 100.000 kroner vart overrekt under ei tilstelling i Stordalshallen sist måndag. Les meir
Utvidar hjortejakta
Det var på ingen måte semje om det mellom dei rundt 30 jegerane i Norddal då dei diskuterte utvida jakt på hjort på eit måte måndag. Etter møtet gjekk viltnemnda inn for å utvide jakta til å gjelde også frå og med 25. november til og med 5. desember.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 43 onsdag 16. november
Lamma vert borte
Det har vore store lammetap i år. Jerven er skuld i ein del av tapa. Les meir
Kulturpris til to aktive damer
Stordal bedehus var fullsett fredagskvelden, då det var annonsert konsert med barnekoret. Mange fekk seg ei overrasking då ordførar Charles Tøsse samstundes hadde med seg kulturprisen til utdeling. Den gjekk til Marna Øverøye og Kirsti Almås. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 42 onsdag 09. november
Meir og breiare breiband
Norddal Elverk og Tafjord Kraft er i gang med å prosjektere den vidare breibandsutbygginga i Norddal kommune. Les meir
Geoturisme som tema
Det var det nye omgrepet geoturisme som stod sentralt under eit reisleivsseminar i Geiranger onsdag i førre veke. Ei rekkje innleiarar kom med innspel om temaet frå kvar sine vinklar. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 41 onsdag 02. november
Spennande i øvre Valldal
Sist fredag var mange samla på grendahuset i Tverrvika. Sosialt samvær og planane ved Gudbrandsjuvet årsaka til at mellom 30 og 40 personar frå heile grenda møtte fram. Les meir
Ei historie om ein hjort
Vinteren 2001-2002 var det ein forkomen hjortekalv som fekk husly i løa til Raymond Uri på Tegane i Valldal. 15. oktober vart han felt på Erdal i Oppstryn. Les meir
Pengar til veg
Kommunestyret i Stordal har løyvd 10.000 kroner til Sunnmøre Veginvest, som driv lobbyverksemd for ymse vegprosjekt på Sunnmøre. Vedtaket var samrøystes. Same vedtaket gjorde eit samrøystes kommunestyre i Norddal torsdag i førre veke.
Storfjordnytt
Nr. 40 onsdag 26. oktober
Rovdyr tek liv
Astor Furseth har skrive bok om alle kjende tilfelle der ulv eller bjørn har drepe menneske i Norge. Les meir
Kritikk av rådmann og ordførar
Komande torsdag skal kommunestyret i Norddal gjere eit vedtak i dei to sakene om lege- bustad, leige og kjøp. Les meir
Hjortejakta
Til og med 23.oktober er det i Norddal kommune felt 139 dyr, i tilsvarande tidsrom i 2004 var det 105 dyr. Fordeling: Valldal: 45, Fjørå: 9, Tafjord: 12, Norddal: 18, Eidsdal: 55.
Storfjordnytt
Nr. 39 onsdag 19. oktober
Frå såpe til rally i Ruggå 4H
Det er nesten berre fantasien som set grenser for kva du kan velje i oppgåve i 4H-arbeidet. Søndag heldt Ruggå 4H haustfest i Fjørå med utstilling, underhaldning og utdeling av merke. Les meir
- Livet ditt blir slik forteljinga om livet ditt er
Verdsdagen for psykisk helse vart markert med open dag på Solglytt på Sjøholt.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 38 onsdag 12. oktober
Kraftig satsing i Eidsdal
I 2001 skreiv dei ein intensjonsavtale, i dag eksisterer det to selskap, Eidsdal Fallrettslag og Eidsdal Kraft A/S. Sistnemnde skal stå for utbygginga av eit kraftverk framme i Eidsdal som skal produsere 23-25 GWh årleg og som vil koste 47,5 millionar kroner. Med ein aksjekapital på 100.000 kroner og ikkje anna sikkerheit enn den krafta dei skal produsere, har dei fått finaniseringa på plass og startar arbeidet med dam og tunnel- innslag denne veka.
Les meir
Eplefest
Etter halvanna veke med eple opp og eple i mente for små-steget ved Stordal skule, var det duka for smakfull eplefest. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 37 fredag 7. oktober
Dette var eit byggenummer. Du kan lese heile bladet i pdf-format her.
Storfjordnytt
Nr. 36 onsdag 5. oktober
Aktive i alle aldrar
Mødre på randen, utkledde bestemødre med song, ungar i ivrig paradishopping. Dette og mykje meir var innhaldet i ein triveleg og aktiv generasjonsdag i Stordal sist laurdag. Les meir
Friluftslivets år er snart omme
Onsdag i førre veke var det klart for den siste turen i serien Vekas tur. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 35 onsdag 28. september
Ein god smak av Geiranger
Pølse av sau og geit tilsett ein del lokale krydder. Det er godt. Fem karar i Geiranger har tru på dette. Folk som tek del i lokale julebord i år, får teste. Les meir
Heilt i strøk
Indre Strøk heldt ein fin og variert konsert i Grendasalen iStordal på søndag. Les meir
Mange i villmarka
Etter kvart var det mange som fann vegen til villmarksleiren i Valldal sist søndag.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 34 onsdag 21. september
Opnar utsikta mot fjorden
Det er viktig at det er ope både for tuistar og fastbuande. Les meir
Gapahukar i Rystene
Jarle Hove har laga til ein idyllisk plass «fram i Rystene» på Vinje, med to flotte gapahukar og grillplass. Snart kjem det også leikeapparat. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 33 onsdag 14. september
Kjenner seg ikkje trygge på framtida
Det såg ikkje så svart ut etter brannen på 70-talet som det gjer no, seier ein som har jobba ved Hove Møbler i Stordal sidan 1970. Les meir
Fokus på folkemusikk
Målet er sjølvsagt å kunne leve av musikken. Akkurat no lever eg for musikken og livnærer meg av jobben, seier Anne Sofie Linge Valdal. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 32 onsdag 7. september
Arbeidet med Trollstigplatået er sett i gang
Trygt og vakkert er ambisjonen med oppgraderinga av Trollstigplatået i samband med at strekninga mellom Geiranger og Trollstigen skal verte Nasjonal turistveg. Arbeidet vart sett i gang 18. august, og onsdag i førre veke vart planane presenterte. Les meir
40 år med åndeleg arbeid
Sist søndag var det jubileum i Stordal bedehus. 40 år med aktivitet i eit hus som har vore flittig i bruk. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 31 onsdag 30. august
Moderne utstyr til dyktige skyttarar
Takka vere stor dugnadsinnsats kan Fjørå Skyttarlag no vise fram eit flott og moderne anlegg. Les meir
Sol og glede på Langsætrane
Det vart ei triveleg samkome då det vart samla til Langsæterdagane i helga. Sola stilte velvillig opp, saman med vikingar, speidarar, gullgravarar, budeier, laftarar, knivmakarar, matprodusentar, kyr, hestar, ungar og andre. Etter ei opplevingsrik helg, er det klart at det vert Langsæterdagane også til neste år. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 30 onsdag 24. august
Prosjektet i gjenge
Arbeidet med å lage til overvaking av Åknesremna og Heggurdaksla er godt i rute. Sist måndag fekk folk vite kva som er gjort og kva som skal gjerast i tida framover. Les meir
Optimisme i møbelindustrien
Det er atter haust og optimisme i møbelindustrien i Stordal. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 29 onsdag 17. august
Smakebitar frå eit verdsarvområde
Fredag 15. juli var det feiring i Geiranger, Eidsdal og på Herdalssetra. Vårt område hadde blitt ein del av verdsarven. Geirangerfjorden og fjellområda omkring er satt på kartet som vestnorsk fjordlanskap i særklasse.
Les meir
Cello-roser
Då dei vare cellostrengene til Eero Voitk tona ut i Rosekyrkja på søndag, var det også slutt på kulturbeitet i Kyrkjehola for denne sommaren. Det er berre å gle seg til neste år!
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 28 onsdag 13.juli
Ein naturleg opplevingspark
Ein avslappande sommardag på Herdalssetra er akkurat det ein treng somme tider. I idylliske omgivnader, blant dyr og seterstell. Og med budeier og lokale mattradisjonar. I naturen sitt eige opplevingssenter, som vertskapet kallar det.
Les meir
Mange tilbod
Det har gått bra med dei nye ete- og turiststadene som dukka opp i Stordal i fjor: Kokarsteinkiosken, Devold på Dyrkorn og Nilsgardstunet. Også Stordal Camping, som fekk nye eigarar i fjor, klarer seg godt.
les meir
Storfjordnytt
Nr. 27 onsdag 6.juli
Solrik Stordalscup
Gi statsmeteorolog-stolane til Stordal IL! Nok ein gong valde dei den heilt rette, solfylte helga for ein sedvanleg vellukka Stordalscup.
Les meir
Optimistiske debutantar i jordbæråkeren
Vi er heilt ferske i dette faget. Men vi gler oss til å kome i gang. Vi har mange erfarne og kjekke naboar vi kan hente støtte og råd frå. Og det er kjekt at fleire unge familiar i bygda tek over og satsar på landbruket. Karianne Dahl og Arvid Frostad i Valldal står framfor sin første jordbærsesong.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 26 onsdag 29. juni
Åndeleg føde og lokal mat
Det er mykje ånd på Midtsommardagane, ikkje minst dugnadsånd. Les meir
Dronninga tuta
Devold-utsalet på Dyrkorn lokka med svele, dans og fotografi då Queen Mary 2 sigla forbi. Då vart det noko å få med seg for dei fleste. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 25 onsdag 22. juni
Aktivitetar i friluft
Borte er idrettsdagen med 6o-meter, liten ball, lengdehopp og høgde. Då skuleelvane i Norddal møttest til friluftsdag i førre veke, vart naturen i heile kommunen teken i bruk.
Les meir
Ny giv for fjordsenteret
Norsk Fjordsenter i Geiranger har vore gjennom gjeldssanering og omorganisering. No satsar senteret på nærare samarbeid med resten av reiselivet i bygda, for å få opp besøkstalet og for å marknadsføre tilbodet betre.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 24 onsdag 15. juni
100-årsfeiring på indre
7. juni vart det feira i mange bygder.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 23 onsdag 8. juni
Der ingen skulle tru…..
at folk fann vegen til, ein kjølig junidag med trugande skyer på alle kantar.
Les meir
Stiller ut hos førebiletet
Ola Stavseng er invi-tert til å stille ut på Anders Svor-museet i Hornindal. Utstillinga vert ei brei framsyning av arbeida til Stavseng. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 22 onsdag 1. juni
Planutvalet delt om ny veg
Statens vegvesen har kome med ei mellomløysing når det gjeld dei to framlegga til regulering av Fjørå vest, ny vegtrasé i Fabrikkbakken. Eit fleirtal på fire mot tre i plan-utvalet gjekk inn for alternativ to. Les meir
Stor minikampinnsats
Gå mot ballen! Kom igjen! Dokke må’kje stoppe opp! Gå inn i dei! Skyt!
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 21 onsdag 25. mai
Vakker messehakel
Den vakre messehakelen som vart nytta av prostiprest Nils Beite under konfirmasjonen i Stordal kyrkje søndag, er laga av Ola Stavseng.
Les meir
Åsevegen mykje dyrare enn venta
Kommunestyret i Norddal har sett av totalt ti millionar kroner til å byggje ny Åseveg. Budsjett-ramma for vegen er no 21,470 millionar kroner.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 20 onsdag 18. mai
Stor oppslutning om nasjonaldagen
Snøen låg langt nedetter fjellsidene då folk vakna på 17. mai. Bygene stod tett. Etter kvart kom det sprekker i skylaget, og somme fekk sjå sola ein liten augneblink. Vi var heldige med veret på den måten at det heldt seg stort sett opplett medan toga vart avvikla. I bygdene våre hadde mykje folk møtt fram for å ta del i markeringa av nasjonaldagen.
Glimt frå dagen
Storfjordnytt
Nr. 19 onsdag 11. mai
Alt klart for båtfolket
Sørvisbygget på småbåthamna i Stordal er ferdig. No har båtfolket ein plass å samlast og varme seg. Les meir
Stor aktivitet på campingane
På campingplassane i Tafjord var det stor aktivitet sist helg. Sola varma og mor og far var ivrige til å førebu sesongen som snart er her. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 18 onsdag 4. mai
Håkjerringa lét vente på seg
Det vart inga håkjerring på dei som skulle setje norgesrekord i å fiske denne sorten på stong i Storfjorden i førre veke. Men to flotte dagar på sjøen fekk dei. Les meir
Mange nye jegerar
I alt 23 stykke er med på jegerprøvekurset som Valldal Jeger- og Fiskeforening arrangerer denne våren. Deltakarane skal gjennom 30 timar med undervisning før dei skal ta eksamen og vise at dei er skikka til å starte med jakt. . Les meir
Storfjordnytt
Nr. 17 onsdag 27. april
Ikkje berre for dei unge
Internett er på langt nær berre for dei unge. Pensjonistane Magda og Emil Staurset er godt i gang med å finne ut av løyndomane på verdsveven. Les meir
Ein god hjelpar jubilerer
Mange har fått hjelp og ei handsrekking frå Arne Lingås: familie, vener, misjons-arbeidet, kyrkja. For Arne har det vore naturleg. Sjølve oppgåva hans i livet, seier han sjølv. Hjelparen vert 90 år, og meiner kvar dag er ein fest. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 16 onsdag 20. april
Første tur i år og Dyrkorn er klar
Laurdag var det første dagen hurtigruta gjekk inn fjordane våre på veg til Geiranger dette året. Og mannskapet om bord veit kvar dei skal dra i fløyta. Les meir
Lesekveld
Elevane i 1. - 4. klasse ved Dalsbygda skule og barnehage hadde sist onsdag lesekveld på skulen. Dette skulle eigentleg vere ein lesevake, men dei korta det ned til å bli ein lesekveld. Det er framhald frå eit leseprosjekt dei hadde ved skule i haust. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 15 onsdag 13. april
Planane ser lovande ut
Vi har ikkje danna eit selskap enno, men det ser lovande ut, seier styreleiar i Stordal Alpinsenter, Olai Nakken. Les meir
Mot normalt
Folk som har vore oppe ved Zakariasdammen i Tafjord, synest vasstanden er ekstremt låg i vår. TK stadfester at vasstanden ikkje er heilt normal. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 14 onsdag 06. april
Nybakt norgesmeister på Krikane
Allereie neste veke tek oppladinga til neste sesong til, sa Hans Martin Gjedrem då vi møtte han heime på garden på Krikane i Valldal. Les meir
Nytt puff i hyttesatsinga
Eg forstår at mange har vore nølande, men no vil eg ta initiativet til eit nytt puff framover, seier Arne Sandnes. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 13 onsdag 30. mars
90 år med kultur og musikk
Han ser tilbake på mange år med arbeid, idrett og kultur i fredlege Eidsdal. Men han kan også minnast kamp på liv og død under verdskrigen. Kulturinstitusjonen Bjarne Rønneberg har blitt 90 år. Les meir
Rekordpåske på Overøye
Rikeleg med snø, gode løyper og flott vêr. Det var grunnlag for å skape rekordbesøk i anlegget på Overøye i påska. Også i terrenget innover var det mange som gjekk på ski. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 12 tysdag 22. mars
Godtek ikkje straumstogg
Eit samrøystes formannskapet i Stordal vil ikkje gå med på at Ørskog Energi får fritak frå å levere straum til fjordgardane Skjortnes, Korsedal og Vidhammer. Les meir
Optimisten
Torsdag fekk Ragnar Lødøen Optimistprisen for 2004, først og fremst som primus motor for Muritunet.
Prisen skal hengje på Muritunet. Sjølvsagt skal han det, sa prisvinnaren. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 11 onsdag 16. mars
Mange handverkarar på same stad
Midt i Eidsdal sentrum i lokala til tidlegare Skjortefabrikken vil Lisa Lotte Larsson opne Håndverkshuset.
Les meir
Balsam for sjela
Fagre fjell og djupe fjordar er ikkje nok. Vi må ha åndeleg føde. Det fekk vi i Stor-dalshallen søndags-kvelden.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 10 onsdag 9. mars
Utbygginga av breiband skyt fart
I Norddal kan om lag 70 prosent av telefonabbonentane få breiband i dag. No er fire av åtte sentralar utbygde. Les meir
Målte seg med dei beste i landet
Alle dei tre alpinistane frå Stordal som reiste til Alpin Landscup for 11- og 12-åringar på Vassfjellet, kan vere storleg tilfreds med innsatsen.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 09 onsdag 2. mars
Årsfest for åttande gong
Laurdag var det duka for årsfest i Stordalshallen for åttande gong. Og nok ein gong hadde stordalingane gått mann av huse for å oppleve revy, mat og dans. Denne gongen var det Dyrkorn-bygda som stod for underhaldninga. Les meir
Prosjekt friskare geiter
I Norddal har tre geitebønder bestemt seg for å bekjempe dei smittsame sjukdomane paratuberkulose, CAE og byllesjuke. Dei vil gjennom dette arbeidet vere med å etablere ei smittefri grunnstamme av norske mjølkegeiter og samtidig skaffe erfaringar som vil gjere det lettare for andre å gjennomføre dei same tiltaka. Eit omfattande arbeid som Stein Harald Døving, Petter Melchior og Åshild Dale/Jostein Sande ser fram til å nytte resultata av. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 08 onsdag 23. februar
Planar om utviding på Overøye
Eit samrøystes kommunestyre i Stordal gjekk inn for at kommunen skal utarbeide framlegg til reguleringsplan for eit område knytt til Stordal Alpinsenter på Overøye.
Les meir
Store mengder snø
Vi hadde ei viss otte og begynte å sove dårleg om natta, seier Steinar Stakkestad, ein av dei tre som laurdag morgon reiste med helikopter inn til Reindalssetra for å moke snø av taka.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 07 onsdag 16. februar
Generalprøve før neste år
Sist helg arrangerte Stordal Super G med rundt 76 løparar i same løypa som skal brukast under Landsfinalen for 11- og 12-åringar neste år. Rennet på søndag vart avlyst på grunn av snøvêr og vind. Dermed vart siste omgang frå laurdag teljande. Les meir
Har framleis tru på Gallerie Tafjord
Ordførar Arne Sandnes har framleis tru på at Gallerie Tafjord, sjølv om bjelken må flyttast og verken driftsmodell eller finansiering er på plass. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 06 onsdag 9. februar
Nest best i utlån
Biblioteket i Stordal vart nest best på utlånsstati-stikken i fjor. Biblioteket i Norddal kom på tredje-plass, medan det er sulamittane som låner mest i fylket. Les meir
Framhaldsskuleminne
Frå Gunnvor Hatlestad i Norddal og Volda har vi fått tilsendt tre bilete frå framhaldsskulen i Norddal i byrjinga av 1920-talet. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 05 onsdag 2. februar
Kretsrenn i Fjellbakken
Godt over 20 deltakarar stilte til kretsrenn i Fjellbakken i helga. Det var deltakarar frå 5 til over 60 år. Deltakarane var frå Hornindal IL, Måndalen IL, Sykkylven IL og Stordal IL. Les meir
Ungdommens kulturmønstring
Årest Ungdomens Kulturmønstring i Norddal hadde eit variert innhald som fenga både frå scenen og med dei mange teikningane som var utstilt. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 04 onsdag 26. janurar
Brekkebakken akebakke
Ein kunne høyre dei langt unna, hyl av fryd, fart og kald snø. Oppe i Dale er det no ein opplyst akebakke langt unna bilar og med mykje mjuk snø på alle kantar. Les meir
Stille, varme tonar
Mange stilte opp med kulturelle gåver på støttekonsertane i Norddal og Sylte kyrkjer søndag.
Ungdommen var sterkt representert og stod for dei fleste gåsehudopplevingane. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 03 onsdag 19. januar
Arbeidet i gang
Det knasa i gammalt treverk då ordførar Charles Tøsse sette seg ved spakane i ei gravemaskin og tok dei første jafsa av den gamle aldersheimen i Stordal. Den 7. juli 2006 skal både første og andre byggjesteg vere ferdig. Les meir
Stor mønstring i kyrkjene
Komande søndag er det klart for to om-gangar med mønstring av lokale song- og musikkrefter. Alt blir gjort på dugnad, og pengane går til offera etter flodbølgjekatastrofen. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 02 onsdag 12. januar
Arbeider for å få fleire turistar
Vi skal ikkje konkurrere med Geiranger, men samarbeide. Det seier Egil Berge, som etter møtet førre onsdag kan konstatere at Eidsdal Næringsutvikling AS er skipa.
Les meir
Diktaren frama Hjelma
I eit langt liv har Martin Hjelme skrive dikt etter innfallsmetoden, seier han sjølv. Andre kallar det inspirasjon. No er mange av dikta samla i eit hefte.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 01 onsdag 5. januar
Flott og fengjande musikal
I år var det ungdoms-skuleelevane som stod for hovudinnslaget på juleavslutninga til Stordal skule. Dei hadde kasta seg ut i sjølvaste West Side Story - men hadde ikkje teke seg vatn over hovudet!
Les meir
Tamilar sterkt prega etter flodbølgja
Meldingane frå slektningar og vener i Sri Lanka er grusomme og ubeskriveleg triste. Dei seks tamilske familiane i Valldal er sjølve råka og sterkt prega av naturkatastrofen i heimlandet. Samtidig varmer den økonomiske hjelpa, omtanken og støtten som lokalsamfunnet gir i ei slik tung tid.
Les meir
|