100-åring feira i Stordal

Fredag 3. januar fylte Karl Hove frå Stordal 100 år.
09. januar 2003
Hans Bersås
-Arne! Er det noko nytt på sjøen? Når naboen Arne Aarflot tek jubilanten i handa og gratulerer med dagen er det fjordfisket som interesserer 100-åringen. Arne Aarflot fortel om kva som er å få og ikkje, og Karl Hove lyttar ivrig til fangstrapporten, sjølv om det no er mange år sidan han sjølv var ute i båt.
-Naustet og sjøen fanga tidleg interessa, vi fiska mest etter laks, sild og brisling her inne i fjorden, seier Karl Hove. Men turen kunne også bli lang og strevsam.
-Ein gong kom eldste bror min på at vi skulle på Borgund-
fjordfiske. Vi rodde frå Syverstøa til Brunholmen. Då vi kom til Ramstad, skulle vi ete, då var brødskivene frosne, fortel Karl Hove, som hugsar den gode mottakinga dei fekk på Buholmen då dei steig i land der på kvelden.
Fisket var ei kjærkoma ekstrainntekt til småbruket Syvergarden på Hove. Der er Karl fødd og oppvaksen, og der budde han til han flytta på Stordal alders- og sjukeheim for sju år sidan.
I tillegg til å vere småbrukar og fiskar, var Karl Hove i ei årrekkje også kyrkjetenar i Stordal, han har også vore mjølkeruteskipper mellom Stordal og Stranda. Men det er fisket Karl Hove har hatt aller mest glede av. Han var bas i Ørens notbruk, like kjent under namnet Pestilencens notbruk, og han fiska med kilenot og krokgarn fram til det vart forbode. På veggen heng eit bilete av ei yngre utgåve av jubilanten, med ein 25 kilos laks framfor seg. Seinare på dagen drog han opp ein laks som var berre kiloet lettare.
I tillegg til bilete av fisk og fjord er bilete av slekta det 100-åringen omgjev seg med. Etter kvart har det vorte sju borneborn og elleve oldeborn. Alle var på plass på den store dagen.