Breiband i Stordal - og Norddal |
||||||
![]() |
Det er no mogleg for privatfolk i Stordal å skaffe seg ADSL-tilknyting til internett. Det er til og med to breibandaktørar i kommunen, PC-support og Mimer. Men heller ikkje i Valldal er breibandet langt unna:Her manglar Mimer berre 30 tingingar for å starte levering av ADSL. | |||||
09. januar 2003
|
||||||
Stordal kommune har i lengre tid forhandla med PC-support, som i dag tilbyr 2 megabits breiband til verksemder og til kommunen sjølv, om å få til eit godt breibandtilbod til private. Dette har trekt i langdrag; tilbodet skulle eigentleg vere klart i mai i fjor. Teknisk har det i lengre tid vore mogleg å knyte seg til ADSL-tilbodet frå PC-support, men prisane har vore høgare enn kommunen ønskjer, monaleg høgare enn det som elles er vanleg for slik tilknyting. Stordal kommune har difor ikkje ønskt å vere med å gå ut med noko breitt tilbod, seier IT-ansvarleg Torbjørn Emblem.
KonkurranseMen no har ein aktør til kome inn på marknaden: Mimer, eit selskap eigd av Tafjord Kraft Breiband, vil på eige, heilprivat initiativ, byggje ut og tilby ADSL i løpet av to til tre månader. Prisane til Mimer er lågare enn prisane til PC-support har vore, noko som har ført til at PC-support i går seinka prisane i Stordal, og no går ut og tilbyr ADSL til alle, med ei leveringstid på to veker. Ein bør merke seg at produkta frå dei to verksemdene sjølvsagt ikkje er identiske, mellom anna er utlån av ADSL-router (ADSL-modem) ein del av abonnementet hos Mimer, medan PC-support i staden har valt å selje routerane ved sida av abonnementet. Valldal kan òg fåValldal kan òg få ADSL-tilknyting i løpet av kort tid, men førebels er det berre Mimer som er aktuell her: Dei manglar 30 tingingar før dei set i gang utbygginga, og deretter vil det gå kring tre månader før ADSL kan leverast. Det store breibandprosjektet i kommunnen ruslar likevel vidare, men ligg monaleg lenger fram i tid: Etter det rådmann Kjell-Roar Henriksen i Norddal seier, er 2 megabits internett-tilknyting som svarar til drygt 30 ISDN-liner altfor lite. Kommunen har difor vorte rådd frå å satse på ei ADSL-utbygging. Vil nokon betale?Det er enno ikkje gjort noka undersøking om kva folk i Norddal kommune er villig til betale for breiband, sjølv om forprosjektet var ferdig allereie i haust, seier rådmannen. Det er lagt til hovudprosjektet å undersøkje om folk er villige til å betale det det kostar. |
||||||