Golf, småbåthamn og eigen ordførar

Tredje juledag heldt Norddal Idrettslag sin tradisjonsrike bygdefest, med eit humoristisk tilbakeblikk på fjoråret på programmet.
09. januar 2003
Hans Bersås
Ubåtkaptein Knut Eldar Relling feilnavigerte seg fram til NIL-festen.
Idrettslaget sin romjulsfest er eit arrangement som har eksistert sidan 50-talet. Den gongen selde kvinnene i bygda julepakkar til mennene på idrettslaget sin pakkefest på ungdomshuset.
Når bygdefolket samlast til NIL-fest no for tida, er julehandelen unnagjort, og revyen er i staden høgdepunktet. Gjengen bak programmet nytta denne gongen høvet til eit skeivt blikk på året som gjekk i bygda og kommunen Norddal. Mellom anna lanserte dei sin eigen visjonære og karismatiske ordførarkandidat, politisk tunge Jan Runar Eliassen, som lovde bygdefolket at tida under Syltebendelormens åk no var over.
Spørsmålet om skulenedleggingar var ei heit potet i lokal-politikken i året som gjekk, på NIL-festen såg dei for seg at overtallige lærarar kunne få ny teneste på gledeshuset Skrittet kompetansesenter.
Lokalt har striden om kvar småbåthamna skal ligge delt bygda i to med elveosen som skillelinje, her vart det lansert ei meir monumental løysing ved Svarthammaren, kanskje ein stad heile programkomiteen kunne vere einige om at hamna ikkje skal ligge.
Det var tydeleg at publikum sette stor pris på revyen, og etter latterbygene å dømme var det innslaga der skodespelarane meir eller mindre spelte seg sjølve, som slo best an.