Trening gjer meister

Eit 20-tals unge gutar hoppa og hoppa og hoppa igjen i Fjellbakken i helga, trass i grisevêret.
16. januar 2003
Kenneth Strømsøy
Unge og ivrige hopparar samla seg på Stavsengfjellet i helga.
Treningssamlinga på Stavsengfjellet var den andre for året i kretsen, men den første på snø. - Dei mest ivrige hopparane hadde mellom 70 og 80 hopp, og dei fleste viste stor framgang, seier Tor Arne Malin, som er leiar i hoppkomiteen i Møre og Romsdal skikrins.

Drillometoden

Mest alle hoppa vart filma, og store delar av laurdagskvelden gjekk til å studere eigne og andre sine hopp. Det lærte dei mykje av, meiner Tommy Lianes (10) frå Stordal:
– Vi har mellom anna lært å ha god kontakt mellom brystkassa og låra nedover unnarennet, og vi har lært å satse med heile fotbladet i bakken, seier Tommy, som allereie byrjar verte ein velrøynd skihoppar: Han har hoppa sidan han var fem år, og har floge heile 42 meter gjennom lufta.
Treningssamlinga er for skihopparar frå åtte-ni år og opptil 15, og det er eigentleg berre dei eldste som skal hoppe 50-metersbakken, men Tommy har likevel fått hoppe der, og synst ikkje det er skummelt i det heile.

Kvar er alle jentene?

Jenter er det ingen av på treningssamlinga, men hoppentusiast Sindre Helland seier det dukkar opp nokre frå tid til anna, og i fjor var det fleire jenter med. Kvifor dei ikkje held fram med skihopping, og kvifor det ikkje er fleire jenter som prøver seg, veit han ikkje. Likevel: Norge har faktisk eit landslag for kvinnelege skihopparar, og dei er mellom dei beste i verda.
Etter mange tunge år ser det no ut til at fleire, i det minste gutar, vert interesserte i hoppsport: Tor Arne Malin seier det no har vorte vanskeleg å få tak i hoppski- og sko i Ørskog, medan slikt utstyr nærast vart kasta etter dei som måtte vere interessert så seint som i fjor.

Ros for varmestova

At dei norske elitehopparane no byrjar kome seg forbi kulen, vil nok òg lokke fleire utfor hoppkanten i framtida, og lokalt vil truleg den nye varmestova tyde mykje: Malin skryt uhemma av den nye varmestova, som snart er heilt ferdig, men gjorde stor nytte for seg allereie i helga: – Det er gjort eit enormt arbeid her. Denne varmestova er alfa og omega for rekrutteringa i området, seier han.