Isen fyller elva |
||||||||
![]() |
På Rem har isferda gjort at elva er fyllt opp med is, og elvevatnet må finne nye vegar. Det er 50 år sidan sist elva demdest opp slik som no. | |||||||
16. januar 2003
|
||||||||
![]() |
I morgontimane i går såg det stygt ut nedanfor husa på Rem. Ei høg isdemning midt i elva stoppa elvevatnet. Seinare på dagen byrja vatnet å sige ut, og høgda på demninga vart redusert, fortel Ingbjørn Rem. Ved 16-tida i går rann framleis elvevatnet i eit leie mellom elva og husa på Rem. Bardar på 1,5 meter med is står opp langs elvebreiddene. Store delar av elva er oppdemt, både nedanfor og ovanfor brua. | |||||||
| Ingbjørn Rem veit at ein liknande situasjon oppsto for om lag 50 år sidan. Då stoppa isen i brua. Problemet vart løyst ved at isen vart sprengd vekk. Det gjekk med glasruter i husa i denne redningsaksjonen. Teknisk sektor si FDV-avdeling er varsla om situasjonen i elva på Rem og er i beredskap, opplyser leiar Elisabeth Mansfield. Ho har vore i kontakt med NVE og fått råd om tiltak dersom situasjonen skulle verte verre. Aktuelle tiltak å setje inn kan vere ved hjelp av gravemaskin å grave innover i demninga langs kantane for å få isen til å flyte. Heimevernet er varsla om det skulle verte bruk for sandsekkar, og FDV har fått låne pumper av Tafjord Kraft i beredskapen sin. Avdelinga hadde fullt opp å gjere i går med å stime opp frosne sluk og stikkrenner i Åsen og på Sylte. Smeltevatnet har fleire stader funne nye vegar etter at bekkefar, renner og grunnen er frosen. Ingbjørn Rem er usikker på korleis utviklinga vert i elva i dagane framover. Det er dårlege meldingar og meir nedbør i vente. |
||||||||