Kan bli nytt hotell i Valldal

Han er på jakt etter ein destinasjon i indre fjordstrok, og med Muritunet i botnen og ein kommune som vil satse på hyttebygging, er etablering av eit hotell i Valldal interessant.
23. januar 2003
Ingrun Myklebust
Ragnar Lødøen og Espen Remme har stor tru på at ein hovudinvestor utanfrå vil få ting til å skje
på Grandane i Valldal. Spa-hotell og helsesenter for indre Storfjord kan bli resultatet.
Det er Ragnar Lødøen som slik refererer til investoren som vil etablere eit spa-hotell og kanskje også delfinansiere eit helsesenter i Valldal. Tidlegare direktør ved Muritunet, Ragnar Lødøen, er framleis aktiv i å utvikle helse-Norddal, og fungerer som kontaktperson mellom hotell-investoren og kommunen.
Klima, natur, Muritunet Rehabiliteringssenter og hytteutbygging er mellom faktorane som gjer det interessant for den pengesterke investoren å planleggje hotell på den delen av Murigrandane som ligg nærast brua. Andre kriterium som må vere på plass, er trygge grunn-tilhøve og ein positiv kommune.
Det siste kravet ser ut til å vere i boks. Etter at direktør ved Muritunet, Espen Remme, og Ragnar Lødøen hadde informert formannskapet i Norddal i går, var det berre positive tilbakemeldingar å få frå politikarane. Dei avgjorde å gi ein uttale om saka for å få fortgang i prosessen. Tidlegare har alle partileiarane fått informasjon om hotell- og helsesenter-planane, også frå dette møtet var det oppmuntrande tilbakemeldingar til prosjekta.

Helsesenter

Dei som jobbar for utvikling av Muritunet, har ei stund hatt planar om eit helsesenter i Laader-Berg-bygget, med spesialisttenester, felles legekontor for kommunen og Muritunet og kommunetannlækjar, for å nemne noko. Etter at det viste seg at bygget inneheld asbest, og at det vil bli like dyrt å renovere det som å bygge nytt, har planane blitt lagde på is. Men etter at hotellinvesteringa har blitt meir aktuell, har det også blåst liv i planane om helsesenter. Hotell-investor, Lødøen og Remme meiner at det må jobbast med ein heilskap for å få til eit interessant sluttprodukt. Helse må setjast inn i ein stor samanheng.

Arbeidsplassar

Ragnar Lødøen meiner at helsesenteret og hotellet kan gi mellom 60 og 80 nye arbeidsplassar. I tillegg kjem ringverknader ein i dag ikkje kan forutsjå. Hotell-prosjektet kan tidlegast startast opp neste år. Når det gjeld finansiering, ser han for seg alle alternativ. Investoren, som ikkje vil stå fram i media enno, har mulegheit til å få med seg medinvestorar. Det kan også vere snakk om å få med lokale interessentar i tillegg til dei utanfrå. Investoren har interesser i fleire næringsbygg, mellom desse hotell. Spa-hotellet som er planlagt på tomta til det grå industribygget på Grandane, kan kanskje også romme badeland og storstove for kommunen, opplyser Lødøen.
- Vi kan få laga vår eigen legevaktsentral gjennom dette prosjektet. Det vert viktig for busetnaden i området. Folk her vil få tilgang til spesialisthelsetenester i større grad enn i nokon annan kommune. Det vil fungere som motvekt og snu den utviklinga som har gått for langt, straumen utover mot Ålesund, og i staden skape ein straum innover, oppsummerer Lødøen.