Snøen kom som bestilt

Det var nervepirrande for rennarrangørane i Liabygda laurdagskvelden, regnet såg ut til å ta over heile helga. Men natta gjorde regnet om til snø, og søndag kunne løparane gå i nyoppkøyrde løyper.
23. januar 2003
Ingrun Myklebust
Denne gjengen har nyleg kryssa målstreken etter å ha gått ein heil kilometer.
Frå venstre: Helga Løset Skodjereite, Martine Larsen Øverbust, Kjellrun Lied, Vetle Moe, Vebjørn Melgaard Tårn, Vilde Gjerde Lied, Lucas Emilio Guadiamos og Ingrid Ringset.
Sonerennet i Liabygda gjekk radig unna i eit kvitt vinterland. Det var over 70 deltakarar, dei fleste av desse gjekk i klassene under 10 år.
- Vi håper å få det til slik at fleire av dei eldre vil vere med lenger, sa rennleiar Einar Lied. Han pusta letta ut etter snøfallet. Ei stund kunne det sjå ut til at regnet for med all snøen. Det er heller ikkje enkelt å avlyse eit renn, det er eit apparat av frivillige rundt, og det er ikkje mange ledige helger å finne for ny renn-dato.
Dei yngste var først ut og først i mål. I klassa under sju år var det allereie drevne løparar å finne. Martine Lorgen Øvrebust og Helga Løset Skodjereite hadde både teknikk og sjølvtillit inne. Dei fortalde at dei gjekk fiskebein i oppoverbakkane, og denne teknikken hadde dei lært seg sjølve. Det kjekkaste var likevel å renne nedover, det var dei einige om. Elles hadde dei ikkje tid til å bli intervjua, det var varm saft som venta.
Espen Dale hadde gått to kilometer-løypa og syntest ho var lenger enn han var van med.
- Det var tungt i nedoverbakken, der isa det under skia. Då eg kom lenger ned var snøen så laus at staven sat fast. Eg måtte snu og gå tilbake og hente han, fortel Espen.
Kameraten Sondre Hjelle Farstad som gjekk framfor han, snudde seg og lurte på kvar Espen hadde blitt av, like før hadde han vore rett bak han i løypa. Sondre syntest løypa var grei, men han hadde hatt bakglatte ski. Begge gutane hadde gått eitt sonerenn før i år, i Valldal. No var dei klare for premieutdeling, som for første gong skulle vere på ungdomshuset i Liabygda.
- Der er det rikeleg plass og gode stolar, forklarte Einar Lied.