Kjenner du nokon her?

Det er Inger Marie Linge som har funne eit gammalt bilde. Ho kjenner ikkje namnet på så mange av dei som er på bildet, men skulle gjerne ha likt å vite det. Han som står framme heilt til høgre må vere han Sigurd på Linge, og han som står bak til høgre er sannsynlegvis Lyder Sletne Linge. Men kven er dei andre og kva tid vart bildet teke og i kva samanheng?